Hopp til innhald

Kepalauk

Kepalauk, som er det faglege namnet på vanleg lauk, kjem opphavleg frå Asia, der han har vore dyrka i meir enn 3000 år. Gul lauk er den vanlegaste varianten av kepalauk på den norske marknaden.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå Asia vart lauken ført til det gamle Egypt. Romarane tok med seg lauken til Europa, og spanjolane frakta han til Amerika. I dag blir lauk dyrka over store delar av verda.

Klimaet i Noreg er godt eigna for dyrking av kepalauk, sidan kepalauk toler vinterkulde i kvileperioden. Det finst ei mengd sortar kepalauk, som er ulike i farge og fasong og er tilpassa ulike veksttilhøve. Lauken er bygd opp av blad som ligg i tette lag. Ytst er blada tynne og tørre, mens dei indre blada er tjukkare og saftigare. Kepalauk blir seld både som fersk buntlauk og som tørka lauk.

Bruksområde

Fransk lauksuppe. Foto.

Kepalauk kan nyttast i nesten alle retter. Rå er han god på smørbrød, i salatar, på hamburgarar og finhakka på pølser eller i salsa. Vidare kan kepalauk kokast, smørdampast, grillast eller steikjast. Lettkokt lauk kan serverast som varmt tilbehøyr eller som grønsaksrett. Lauk kan også syltast, frityrsteikjast eller wokkast. Kepalauk har sterk lukt og smak som blir mildare og søtare når vi steikjer han. Skal vi nytte lauken rå, kan vi fjerne litt av den sterke smaken ved å leggje lauken i isvatn ei stund før bruk.

Kvalitetskrav

Kepalauk skal vere heil, rein og fri for frostskadar, og han skal heller ikkje ha mugg eller ròte. Buntlauk skal ha ei blank og smidig ytterside, og det grøne graset skal ikkje vere vissent. Tørka lauk skal vere fast og veltørka, velforma og jamn i storleiken. Lauk skal ikkje ha spirer. Røtene skal vere fjerna. Ytterskalet skal henge på og skal ikkje ha mørke flekker.

Næringsinnhald

Løk inneheld noko A-, B- og C-vitamin, i tillegg til mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juli–mai

Med andre ord:

latin: Allium kepa
engelsk: onion
tysk: Zwibel
fransk: oignon

Lagring:

0–2 °C. Kepalauk er svært haldbar og må lagrast tørt og helst ikkje saman med andre matvarer, sidan lauk set smak på produkt han blir lagra saman med.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020