Hopp til innhald

Tidlegkål (nykål)

Tidlegkål blir òg kalla for nykål eller sommarkål og tilhøyrer same art som hovudkål. Tidlegkål har den same runde forma som hovudkål, men hovudet er noko lausare, og han har eit mykje lågare fiberinnhald.
Tidlegkål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidlegkål er ein av dei tidlegaste sortane på marknaden om våren, og han er ei svært attraktiv vare når han kjem.

Spekeskinke med smørdampa tidlegkål og ostesaus. Foto.

Bruksområde

Tidlegkål blir nytta som annan kål og er nydeleg kokt eller smørdampa.

Kvalitetskrav

Tidlegkålen skal bestå av eit heilt og jamfarga hovud, utan sår eller flengjer. Blada skal vere flekkfrie, sprø og saftige og ha ein frisk farge. Stokken skal vere avskoren tett under bladfestet. Kålen skal vere fri for jord og insekt.

Næringsinnhald

Når det gjeld ernæring, kan tidlegkål samanliknast med Hovudkål. Begge kåltypane er kalorifattige og inneheld noko A-vitamin og ein god del C-vitamin. Vel 100 gram tidlegkål dekkjer dagsbehovet for C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

mai–september

Med andre ord:

latin: Brassica oleracea var. capitata
engelsk: cabbage
tysk: Kohl
fransk: chou

Lagring:

0–2 °C. Tidlegkål har kortare haldbarheit enn vanleg hovudkål.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020