Hopp til innhald

Plommer

Plomme kjem opphavleg frå Vest-Asia, men blir i dag dyrka over heile verda. Vi kjenner til over 2000 sortar plommer. Plommer er runde eller ovale i forma, og storleiken kan variere frå sort til sort. Dei største kan bli så store som eit lite eple.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Plommekompott. Foto.
Nedlagde plommer. Foto.


Frukta har eit tynt skal som kan etast, og fargen varierer mellom gul, raud og blå eller sjatteringar av desse. Plomme har ein stor stein i midten. Hos nokre plommevariantar heng fruktkjøtet fast i steinen, medan andre sortar slepper steinen lett. Fruktkjøtet er saftig og aromatisk.

Kvalitetskrav

Plommer skal vere heile og utan sprekkar, mørke flekker eller annan skade. Frukta skal vere tørr og skalet glatt. Plommene skal vere utan støytskadar eller mugg. For at smaken skal vere best, må frukta ikkje vere hausta for tidleg.

Bruksområde

Plommer blir etne og kan også nyttast til sylting, i paiar og i bakverk.

Næringsinnhald

Plommer er kalorifattige og har ein mageregulerande verknad. Dei inneheld ein del A-vitamin, kalsium og jern.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Lagring

0–4 °C. Mogen plomme har svært kort haldbarheit. Er plomma mindre mogen, held ho lenger.

Norsk sesong

Plommesesongen i Noreg er i august og september.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020