Hopp til innhald

Purre

Purre kjem opphavleg frå middelhavsområdet og har vorte dyrka heilt tilbake i oldtida. Purre skil seg av utsjånad frå annan lauk. I staden for ein rund lauk har vi her ein langstrekt og sylindrisk lauk med kjøtfulle bladstilkar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heile purren blir nytta bortsett frå rota. Purre har ein mild lauksmak, og konsistensen er sprø. Purre er ein hardfør plante som kan dyrkast i heile Noreg.

Bruksområde

Purre har eit stort bruksområde og kan nyttast rå, kokt, steikt, stua, smørdampa, gratinert og i omelettar. I alle retter der vi elles nyttar lauk, kan vi òg nytte purre. Han er god rå i salatar saman med andre grønsaker, smørdampa strødd med baconbitar eller gratinert med ost. Den kvite delen blir rekna som den finaste, mens den grøne delen er mest næringsrik.

Kvalitetskrav

Purre blir ofte seld på utsjånad, og det må derfor stillast strenge krav til han når det gjeld kvalitet. Purre skal ha eit kvitt, fast og tettpakka skaft der det sit fast nokre millimeterlange røter. Heile purren bør vere saftig og sprø. Bladstilkane skal vere tjukke og jamt kutta, og dei skal ha ein frisk grønfarge. Dess tjukkare skaft og kraftigare blad, dess betre kvalitet og haldbarheit.

Næringsinnhald

Purre har ein mild og aromatisk smak og er ideell for barn som elles måtte synast at annan lauk er for sterk. Han er mager og såleis ypparleg som slankemat. Purre inneheld noko antioksidantar og ein del vitamin og mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juli–desember

Med andre ord:

latin: Allium porrum
engelsk: leeks
tysk: Lauch
fransk: poireaux

Lagring:

2–4 °C. Purre kan du gjerne lagre i plastpose eller plastboks. Jo tjukkare skaftet er, og jo kraftigare blada er, desto betre er haldbarheita.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020