Hopp til innhald

Raudbete

Raudbeten er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Europa sidan lenge før vår tidsrekning. Både raudbete og sukkerbete stammar frå strandbeten, som veks vilt langs kysten i Europa. Raudbetar kan vere flatrunde, runde, ovale eller sylindriske. Mest vanleg for sal hos oss er dei runde.
 Raudbete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Raudbete- og potetsalat. Foto.

Den spesielle djupe, raude fargen til raudbeten kjem av to naturlege fargestoff. Det eine heiter betacyanin og gir ein raudfiolett farge, mens det andre fargestoffet gir ein gul farge. Fargen kan variere mellom variantane, men yngre raudbetar har gjerne meir fiolett farge enn dei større og eldre. Om sommaren blir raudbetar selde i buntar med bladvekst, om vinteren utan blad i laus vekt.

Bruksområde

Raudbeten har mange bruksområde. Kok raudbetar med skal, og la bladfestet sitje på med ca. 5 cm der det følgjer med, for å unngå at safta i raudbeten renn ut i kokevatnet. Etter koking fjernar du skal og bladfeste og serverer raudbetane som varm grønsak eller kald i salatar. Kokte og oppskorne raudbetar kan gjerne blandast i kjøtdeig til biff à la Lindström. Kokte raudbetar til nypoteter med ein smørklatt er ein rett i seg sjølv. Raudbeten er også godt eigna til sylting og blir mykje nytta til silderetter eller som pålegg på brødskive med leverpostei. Den sprekaste råkosten får du med raudbetar som er rivne rå og blanda med gulrot. Dei kan også bakast i omn.

Kvalitetskrav

Raudbetar skal vere heile utan skadar eller mjuke flekker. Yngre raudbetar i buntar bør vere vaska. Bladfesta skal vere sprø og saftige. Innvendig skal raudbeten vere jamt farga utan lyse ringar mellom dei synlege vekstlaga.

Næringsinnhald

Raudbeten er mager kost. Han er ei god mineralkjelde og inneheld fosfor, kalsium og jern. På grunn av det høge innhaldet av nitrat skal ein ikkje gi raudbete til barn under seks månader.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

september–mai

Med andre ord:

Latin: Beta vulgaris rubra
engelsk: red beet, beetroot
tysk: rote Rübe
fransk: betterave rouge

Lagring:

2–4 °C. Raudbetar har god haldbarheit. Dei skal lagrast kjølig og med høg luftfukt, og dei må også vernast mot direkte trekk.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020