Hopp til innhald

Vårlauk

Vårlauk er ein spesiell lauksort som ser ut som ein purrelauk. Han dannar som purrelauk ein lang, smal stilk av tett samanrulla blad. Heile planten er lang og smal, kvit eller raud nedst og mørkt grøn øvst. Vårlauk har ein mild og fin lauksmak, og heile planten kan etast både rå, kokt og steikt.
 Vårlauk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det meste av lauken som blir seld som vårlauk, er ein sort som ikkje dannar noka fortjukking nedst, slik vanleg kepalauk gjer. Kepalauk som blir teken opp svært tidleg og seld med det grøne graset, blir også seld som vårlauk, og han kan ha ei fortjukking nedst.

 Vårlauk på jordet. Foto.

Bruksområde

Vårlauk blir nytta i salatar og dressingar. Han kan òg kokast, smørdampast, steikjast eller nyttast i wok, men hugs at vårlauk ikkje skal varmebehandlast lenge. På grunn av den fine, milde smaken er han mykje nytta i salatar, og i Sverige blir han kalla for salatlauk. Dei grøne blada kan nyttast som graslauk, sjølv om smaken kan vere noko sterkare.

Suppe med vårlauk. Foto.

Kvalitetskrav

Vårlauk skal vere heil, rein og fri for frostskadar. Lauken skal vere sprø og fersk, og toppen skal ha ein frisk grønfarge.

Næringsinnhald

Vårlauk har ein mild og aromatisk smak og er ideell for barn som elles måtte finne annan lauk for sterk. Vårlauk og andre laukvariantar inneheld antioksidantar som er bra for forsvarssystemet til cellene.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–oktober

Med andre ord:

latin: Allium fistulosum
engelsk: spring onion
tysk: Frühlingszwiebeln
fransk: oignon de printemps

Lagring:

0–2 °C. Vårlauk har kortare haldbarheit enn purrelauk og må oppbevarast kjølig med høg luftfukt.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020