Hopp til innhald

Steinbit

Det karakteristiske kjevepartiet er ei naturleg tilpassing til menyen til steinbiten, som består av kråkebollar, muslingar, sniglar og krabber. Gråsteinbiten lever hovudsakleg på steinbotn med tang, i gytetida ofte heilt opp i fjøra.
Steinbit. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steinbiten vert kjønnsmoden i seks-årsalderen. Gytinga skjer i perioden november–februar på 40–200 meters djup, tidlegast i nordlege og seinast i sørlege område. Rogna vert lagd på botnen og deretter vakta av hannen.

Flekksteinbiten (Anarhichas minor) er meir utbreidd i arktiske strøk.

Kjeften til steinbit. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fangst og fangstreiskap

Fangsten av steinbit skjer med botntrål, botnline eller botngarn i Barentshavet og på dei nordnorske bankane. Det vert òg drive oppdrett på steinbit i dag.

Bruk

Steinbit vert seld som ferske eller frosne filetar. «Ufisken» som folk ikkje ville ha, er i dag ein ettertrakta kulinarisk godbit. Han er fast i fisken og vi kan derfor gjere mykje med han på kjøkkenet. Han toler å bli kutta i strimlar og bitar, og kan steikjast i wok saman med grønsaker, krydder og kryddersausar. Steinbit kan steikjast, og på grillen er han enkel å handtera.

Middagsrett med steinbitfilét. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Steinbit er, som all anna fisk, rik på protein. Han er også ei god kjelde til vitamin A og B12.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Heile året

Utbreiing

Det nordlege Atlanterhavet

Storleik

Opptil 120 cm og 26 kg

Med andre ord

Latin: Anarhichas spp.

Engelsk: Wolffish, catfish

Fransk: Loup de mer

Tysk: Katfisch

CC BY-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 30.04.2020