Hopp til innhald

Elg

Elgen er ein partåa klauvdyrart i hjortefamilien. Han er det største nolevande pattedyret i Noreg, med ei skulderhøgd på opptil 2,3 m. 
Vekta hos oksar er vanlegvis frå 240 til 600 kg (kan koma opp mot 800 kg), og hos kyrne 240–450 kg. Det som kjenneteiknar elgen, er ein kort og sterk kropp med høge og kraftige bein. Overleppa er lang og brei, følsam og rørleg. 
 Pelsen består av tett og kort ull med lange grå dekkhår. 
 Hannen ber eit storstilt gevir med ei brei plate.
Elgokse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elgen er knytt til skogen. 
Om vinteren lever han av skot, smågreiner og bork av ulike lauvtre, brake, furu og gran. 
Om sommaren lever han av gras, urter og lauv. I sommartida kan han enkelte stader gjera skade på åker og eng, om vinteren på skog, særleg unge furutre. Brunsttida varer frå om lag 15. september til om lag 15. oktober. Elgkua kan verta drektig første gong når ho er halvanna år gammal, og ho er drektig i ni månader. Kalven vert fødd i slutten av mai eller byrjinga av juni, og pattar mora til langt utover hausten. Tvillingkalvar er vanleg.

Utbreiing

Elgen finst no berre i Skandinavia, Finland, det tidlegare Sovjetunionen, i Polen og i Nord-Amerika frå Alaska sørover til dei nordlegaste av statane i USA. Elgen i Nord-Amerika er større, har mørkare farge og større gevir.

Jakt

Vi kan jakte på elg i dei kommunane som opnar for elgjakt. Jakttida for elg varierer frå kommune til kommune, men varer som regel frå 10. september til 31. oktober. Det er vanleg hos oss å ta med elghund på jakt.

Bruk

Som hos storfe. Det er vanleg å bruka elgkjøtet til elgsteik, carpacchio, entrecotesteik, biff av filet, roastbiff, til gryteretter, elgburgar, kjøtkaker og liknande.

Næringsinnhald

Elgkjøtet er magert og feittfattig. Det er ei god kjelde til jern, protein og kalium.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2017