Hopp til innhald

Fasan

Fasan er ein fugleart i fasanfamilien. Han høyrer til ordenen hønsefuglar. Fasan, rapphøns og vaktel er dei einaste ville artane i Noreg av familien. Han vert òg kalla ringfasan, edelfasan og jaktfasan.
Fasan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fasanen finst i fleire underartar (rasar) med ulike karakteristiske sterke fargar hos hannane, som har svært lang hale. Hoene har kortare hale, og har ikkje den same fargeprakta som hannen. Hoa er ikkje like prangande, og det er hannen som vert rekna som ein vakker og fargerik fugl. Han har ei kroppsvekt mellom 0,5 og 3 kg. Fasanen trivst i skogen, i krattskog og på våtmark.

Bruk

Fasanen er ein smakfull og delikat fugl. Han vert laga til som heilsteikt, kokt i vin, steikt bryst med f.eks. fløytesaus eller farsert. Bruken er elles ofte som for kylling.

Næringsinnhald

Fasanen er ei god kjelde til protein, A-vitamin, jern og kalium. Han er ein mager fugl, av feittinnhaldet er det meste einumeitta feitt.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2017