Hopp til innhald

Rein

Reinen vert òg kalla reinsdyr og karibu (amerikansk rein). Han høyrer til hjortefamilien, og er eit hjortedyr som lever i dei nordlegaste landområda på jorda, der det er godt tilpassa dei ekstreme kulde- og snøforholda som kan råda på vinterstid. 
 Reinsdyret skil seg frå andre hjortedyr ved at både bukkane (hannane) og simlene (hoene) utviklar gevir.
Reinsdyr på beite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bukkar veg mellom 70 og 150 kg, men dei kan oppnå ei vekt på opp mot 270 kg. Simla er noko mindre, men enkelte kan verta mellom 40 og 100 kg. Enkelte simler utan kalv kan verta nesten like store som bukkane. Dei vert lysare i pelsen mot vinteren.

Den viktigaste vinterkosten er ulike lavartar, men dei et òg mykje lyng og kvist av vier og bjørk.

Paringa skjer mellom september og oktober, og kalvinga er mellom april og juni.

Reinsdyret finst både som villrein og tamrein. Samane i Skandinavia er kjende for reindrifta si. I Noreg finst det vel 20 stammar av villrein. I Nord-Norge var det tidlegare svært mykje villrein, som no er heilt fortrengd av tamreinen. Svalbardreinen er mykje mindre enn fastlandsreinen, med påfallande korte bein og ein trinn kropp. Han har eit stort gevir.

Bruk

Reinsdyrkjøtet er kjent for sin milde og utsøkte smak. Det er viktig med rett behandling av kjøttet. Bruken er som for storfe og lam.

Vert nytta som bresert steik, steikt sal, medaljong, steikt filet, i gryter, som karbonadar og i supper. Kjøtet vert også røykt og tørka. Reinsdyrskinn er ettertrakta og har ei utruleg varmeevne. Samane nyttar skinnet til klede, sko og fell.

Næringsinnhald

Reinsdyr har eit magert kjøt. Det er ei god kjelde til A- og B-vitamin, protein, jern, fosfor, kalium og natrium.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 06.07.2017