Hopp til innhald

Storfugl

Storfugl er den største arten i hønsefuglfamilien. Hannen – tiuren – kan verta bortimot 90 cm lang og vega opptil 6 kg. Hoa – røya – vert vesentleg mindre, vel 60 cm lang og om lag 2 kg. Storfuglen er utbreidd i skogsområde over heile landet, og livnærer seg hovudsakleg av frø og plantedelar, særleg frå furu, men et helst bær og urter i sommarhalvåret. Ein tiur kan verta opptil 20 år gammal.
Spillende tiur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er vi heldige, kan vi høyra det spesielle tiurspelet i skogen i april–mai. Tiuren er ein vakker og prangande fugl, men han kan verta svært aggressiv under leiken, og det er lurast å halda avstand. Spelet lagar ein kneggjande lyd som vi kan høyra på lang avstand. Under tiurspelet kjempar hannane, og vinnaren får para seg med alle røyene. Røya legg 6–8 egg, og rugar på dei i 20–30 dagar.

Inngrep frå menneske har medverka til at talet på storfugl enkelte stader er sterkt redusert eller han har forsvunne heilt.

Bruk

Storfuglen er rik på smak og har ei særprega lukt. Kjøtet passar ypparleg som heilsteikt, i gryter, som bresert, og det er nydeleg med steikt bryst eller paté av storfugl. Enkelte bruker også storfugl i suppe.

Næringsinnhald

Storfuglen har eit rikt næringsinnhald, og er ei god kjelde til protein, natrium, kalium, einumetta og fleirumetta feitt, A-vitamin, jern og fosfor.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017