Hopp til innhald

Nitrogenfiksering

Erter, linser og bønner er sunne, mettande og billege. Belgvekstane gjer dessutan jorda rik på ein fiffig måte.

Frå N2-gass i lufta til plantenæring

Bakterieknollar på røter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lufta består av ca. 80 prosent nitrogen i form av gassen N2. Nitrogen er eit viktig plantenæringsstoff som plantene treng for å kunne danne klorofyll og protein. Dessverre kan ikkje plantene ta opp N2-gassen direkte, men er avhengige av at nitrogenet blir omdanna til nitrogenforbindelsar som planta klarer å ta opp.

Symbiose

Belgvekstane er spesielle, for dei har samarbeid med bakteriar som gjer denne jobben med nitrogenet for dei. På røtene har dei knollar med Rhizobium-bakteriar. Desse bakteriane greier å omdanne N2-gass til nitrogenhaldig plantenæring. Til gjengjeld får bakteriane energihaldige næringsstoff frå fotosyntesen til planta. Eit slikt samarbeid mellom to levande organismar kallast symbiose.

Gjødsel

Nitrogenhaldige plantenæringsstoff er ein viktig komponent i både naturleg og kunstig gjødsel. Der det veks belgvekstar, treng vi i liten grad å gjødsle med nitrogenforbindelsar, nettopp fordi bakteriane på røtene sørgjer for dette.

I tillegg legg plantene og bakteriane igjen nitrogenforbindelsar i jorda, slik at ho blir ekstra næringsrik.

– Det trengst lite nitrogenhaldig mineralgjødsel for å dyrke belgvekstar, og det er miljøvennleg. Vekselsdyrking med til dømes åkerbønner og kveite har dessutan vist at kveiten trivst svært godt i jorda der åkerbønnene har stått året før. Andre planter dreg med andre ord nytte av det som blir att av belgvekstane i jorda, fortel Unni Abrahamsen, kornforskar i NIBIO.

Som så mange andre stoff går nitrogen i krinsløp i naturen. På denne plansjen kan vi følgje krinsløpet til nitrogenet.

Fleire planter har symbiose med Rhizobium-bakterier, mellom anna oretre og belgvekstar. I denne filmen følgjer vi ein skuleklasse ut i oreskogen på jakt etter Rhizobium.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bjørn Hugo Pettersen og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 03.07.2017