Hopp til innhald

Rekneark – ein introduksjon

Uansett kva for ei yrkesretning du vel, vil du før eller seinare ha behov for å kunne bruke eit rekneark på datamaskina.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekneark er ei av dei vanlegaste programtypane og blir brukt til alle former for å berekne tal, som til dømes å setje opp budsjett, føre enkle rekneskap, rekne ut prisar, registrere timar, berekne lønn og skatt, føre køyrelister og mykje meir.

For ein som kanskje ikkje er så glad i tal og rekning, kan dette verke skremmande og vanskeleg. Men rekneark gjer faktisk jobben mykje lettare fordi datamaskina tek seg av all matematikken.

Det du må lære, er korleis du kan bruke reknearket til å fortelje datamaskina kva ho skal rekne ut for deg.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.06.2017