Hopp til innhald

Parkinsons sjukdom: Årsaker

Kva som utløyser Parkinsons sjukdom, er ukjent. Om lag 15 prosent av dei som blir ramma, har ein slektning med same diagnosen. Dette tyder på at sjukdommen kan vere arveleg.

Sannsynlegvis er sjukdommen eit resultat av mange faktorar som verkar saman, slik som aldring, arv og miljøpåverknad. Bruken av enkelte medikament kan i sjeldne tilfelle gi parkinsonisme som biverknad.

Hjernecellene i eit lite avgrensa område i hjernen går gradvis til grunne, og dette påverkar stadig fleire funksjonar i kroppen. Dei hjernecellene som produserer og skil ut signalstoffet dopamin, blir særleg hardt ramma. Når desse hjernecellene blir svekte eller døyr, blir det ikkje lenger produsert nok dopamin, og det svekkjer signaloverføringa i kroppen.

Kva er dopamin?

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2012