Hopp til innhald

Musikkterapi

Musikk blir brukt terapeutisk til fleire og fleire føremål. Musikk er eit universelt språk som vekkjer følelsar og minne, gjer oss kreative, styrkjar og lindrar.

Musikkterapi nyttast på mange arenaer. Det kan nyttast pedagogisk for menneske med lærevanskar, sosiale og emosjonelle vanskar, autisme eller personar som har ei psykisk utviklingshemming. Som terapeutisk metode blir musikk nytta i fengsel og i ettervern for å utvikle sosiale ferdigheiter. Musikkterapi har òg vist seg å verke positivt på menneske som slit med depresjon eller angst, eller som lid av aldersdemens, hjerneslag eller Parkinsons sjukdom.

Ein seier gjerne at musikkterapi vender seg til heile mennesket, det friske individet bak lidinga.

Overlege og musikar Audun Myskja var ein av dei første som nytta musikk og rytme som behandlingsmetode i Noreg. Han kan syne til gode resultat i behandlinga av pasientar med nevrologiske sjukdomar.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 05.01.2016