Hopp til innhald

Årsaker til obstipasjon

Undertrykking av avføringstrongen over lengre tid gjer at avføringa går tilbake i tarmen. Der blir væske frå avføringa sogen opp.

Forhold som disponerer for obstipasjon:

  • Alder: Når ein blir eldre, blir peristaltikken i mage- og tarmkanalen svekt. Tarminnhaldet bruker lengre tid på å passere gjennom tynntarmen, slik at meir væske blir sogen opp. Dette disponerer for obstipasjon. I tillegg til at eldre har svekt tarmperistaltikk, er dei ofte mindre aktive, dei et mindre fiber, drikk for lite, bruker medisin og har uregelmessige toalettvanar.
  • Irritabel tarm: Dette er ein tilstand som kjem av psykiske forhold og av stress. Det rammar mange menneske.
  • Dårlige tømmingsrutinar: Om ein ikkje går på toalettet når trongen melder seg, blir avføringa bli pressa tilbake i tarmen. Då syg tarmen opp meir væske frå avføringa.
  • Sengeleie: Sengeliggjande pasientar får ikkje brukt bukpressa når dei skal tømme seg, og dette gjer det vanskelegare å få tømt seg.
  • Fiberfattig kost: Tarmen treng fiber for å oppretthalde tarmperistaltikken.
  • Lite væskeinntak og dehydrering: Tarminnhaldet må blandast med væske for å unngå at det blir for fast.
  • Lite fysisk aktivitet: Utan fysisk aktivitet blir rørslene i tarmen langsame og avføringa hard.
  • Medisin: Enkelte medisinar, som til dømes smertestillande (Paralgin Forte og opioider), enkelte typar hjartemedisinar, jarntablettar og antiepileptika kan gi forstopping som biverknad.
  • Depresjon: Seinka stemningsleie gir forstopping blant anna fordi pasienten er mindre aktiv.
  • Graviditet: Inntak av jarnmedisin kan vere ei av årsakene til at gravide får forstopping.
  • Sjukdommar: Sjukdommar som diabetes type 1 og type 2, lågt stoffskifte, tumor i tarmen og hemoroidar kan gi obstipasjon.
  • Døgnrytme og kosthald: Omlegging av døgnrytme og kosthald ved reiser eller andre hendingar kan føre til at enkelte får forstopping.
CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2011