Hopp til innhald

Meir om aterosklerose

Enkelte gonger oppstår det feittavleiringar på innsida av arteriane. Desse avleiringane startar ofte på stader der arterien deler seg, eller der karveggen har skadar. Den medisinske nemninga på dette er aterosklerose, og tilstanden gir risiko for blant anna hjerneslag og hjarteinfarkt.

Aterom og plakk

åre med plakk. Illustrasjon.

Ei feittavleiring på karveggen blir kalla eit aterom. Når ateromet blir stort, blir det kalla eit plakk.

Ateromet oppstår fordi kolesterol «grev» seg inn i åreveggen.

Aterosklerose. Illustrasjon.

Kroppen prøver å reparere skaden. Det oppstår arrvev i åreveggen, og han blir stivare. Meir kolesterol avleirar seg, karveggene blir tjukkare, og blodstraumen inne i karet går saktare.

Risiko for aterosklerose

Aterosklerose er vanleg hos menneske i dei fleste vestlege land. Generelt kan vi seie at førekomsten av aterosklerose aukar med mengda kolesterol og metta feitt i kosten. Risikoen for å ha aterosklerose heng saman med kolesterolinnhaldet i blodet. Har vi høgt kolesterol, aukar risikoen for aterosklerose. Grupper som har auka risiko er:

  • menn (dei er meir utsette enn kvinner)
  • kvinner etter overgangsalderen
  • røykjarar
  • diabetikarar
  • personar med høgt blodtrykk

Symptom

Vi merkar nesten aldri symptom på aterosklerose før det har blitt betydeleg skade på arteriane. Når symptoma dukkar opp, er det fordi visse delar av kroppen får for lite blod. Symptoma er derfor avhengige av kva for eit organ som lir under dårleg blodforsyning. Du kan merke krampar i beina når du går, du kan få slag, nyresvikt, angina eller hjarteinfarkt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Norsk Helseinformatikk og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017