Hopp til innhald
Nynorsk

Farmakodynamikk

Kva skjer i kroppen når vi tek eit legemiddel? Farmakodynamikk hjelper deg med å forstå korleis legemiddel påverkar kroppen og kva som skal til for å oppnå ønskt effekt av legemiddel.

Kva er farmakodynamikk?

Farmakodynamikk heng tett saman med farmakokinetikk. Mens farmakokinetikk handlar om kva kroppen gjer med legemiddelet, beskriv farmakodynamikk korleis legemiddelet påverkar kroppen.

Legemiddel kan verke på fleire måtar:

Påverkar kjemiske prosessar i kroppen
Mange legemiddel påverkar kjemiske prosessar i cellene i kroppen, til dømes reseptfrie smertestillande legemiddel som inneheld paracetamol eller ibuprofen. Desse legemidla påverkar smerteoppfatninga i nervane, og det gjer at hjernen oppfattar smerta som mindre smertefull.
Erstattar stoff som kroppen manglar
Nokre legemiddel erstattar stoff som kroppen manglar, som til dømes hormon som insulin og kjønnshormon.
Påverkar frigjering av signalstoff
Nokre legemiddel verkar ved å påverke signalstoffa til kroppen som sender beskjedar mellom celler. Ved allergiske reaksjonar frigjer kroppen eit signalstoff som heiter histamin. Legemiddel mot allergi, antihistamin, verkar ved å blokkere verknaden av histamin.
Verkar mot mikroorganismar
Det finst også legemiddel som verkar mot mikroorganismar som bakteriar og parasittar. Desse kan anten drepe mikroorganismar eller hindre dei i å formeire seg. Antibiotika er eit døme på eit slikt legemiddel.
Verkar fysisk eller lokalt
Nokre legemiddel påverkar ikkje dei kjemiske prosessane av cellene direkte, men verkar meir fysisk eller lokalt. Fysisk verknad betyr at legemiddel endrar forholda rundt cellene utan å påverke dei kjemiske prosessane i cellene. Eit døme er avføringsmiddel, som verkar i tarmen ved halde igjen væske slik at avføringa blir mjukare.

Lokal eller systemisk verknad

Lokal verknad betyr at legemiddelet blir påført og verkar direkte på eit spesifikt område på kroppen. Systemisk verknad betyr at legemiddelet blir teke opp i blodbanen og transportert rundt i kroppen slik at det kan påverke heile kroppen eller bestemde organ. Val av lokal eller systemisk behandling avheng av om sjukdommen er spreidd i kroppen eller avgrensa til eit spesifikt område.

Ved lokale plager er det ofte formålstenleg å bruke legemiddel som verkar direkte på det aktuelle området. Ved allergi kan nasespray og augedropar brukast. Dei verkar lokalt i nasen eller auga, i motsetning til tablettar, som verkar i heile kroppen. Lokal behandling gir ofte raskare verknad fordi legemiddelet blir påført direkte der det skal verke, og det gir mindre risiko for biverknader samanlikna med systemisk behandling.

Nokre legemiddelformer kan ha både lokal og systemisk verknad. Suppositorium (stikkpiller) kan til dømes verke lokalt mot hemoroidar og systemisk som smertestillande.

Terapeutisk vindauge

Legemiddel påverkar kroppen på ulike måtar, og rett dose er viktig for at behandlinga skal vere trygg og verke som ho skal. For at eit legemiddel skal verke, må konsentrasjonen av verkestoffet i blodet vere høg nok der det skal verke, og det må binde seg til dei rette molekyla i kroppen. Det terapeutiske vindauget, som er vist i illustrasjonen under, er området mellom for låg og for høg dose av eit verkestoff.

Viss dosen er for låg, blir ikkje effekten tilstrekkeleg. Dosen må vere høg nok til å gi effekt, men ikkje så høg at det oppstår forgiftingar. Å auke dosen utover det terapeutiske vindauget gir ikkje betre effekt. Til dømes er tilrådd maksimal døgndose av Paracet for vaksne vanlegvis 4 gram fordelt på fire dosar. Lågare dose kan gi for svak effekt, mens høgare dose ikkje gir betre smertelindring, men kan påføre store skadar på levra og i verste fall føre til leversvikt.

Interaksjonar

Når fleire legemiddel blir brukte samtidig, kan eitt av legemidla påverke effekten av eit anna. Dette blir kalla interaksjonar.

Interaksjonar mellom legemiddel kan gjere at verknaden bli sterkare eller svakare enn ønskt og kan auke riksikoen for biverknader. Til dømes kan NSAID-preparat som Ibux påverke verknaden av blodfortynnande legemiddel og auke risikoen for blødingar.

Utfordringar til deg

  1. Forklar omgrepa

    1. farmakodynamikk

    2. terapeutisk vindauge

    3. interaksjonar

  2. Korleis kan kunnskap om farmakodynamikk hjelpe helsepersonell med å førebygge biverknader hos kundar og pasientar?

  3. Kva kan skje dersom konsentrasjonen av verkestoffet ligg under eller over det terapeutiske vindauget?

Kjelder

Johnsgaard, N. (2025, 24. februar). Systemisk. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/systemisk

Nilsen, M. M. & Øye, I. (2025, 19. april). Farmakodynamikk. I Store medisinske leksikon.
https://sml.snl.no/farmakodynamikk

Nordeng, H. & Spigset, O. (Red.). (2007). Legemidler og bruken av dem (1. utg.). Gyldendal Akademisk.

Reiter, L. (2024, 27. november). Terapeutisk indeks. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/terapeutisk_indeks

Spiering, L., Dietrichs, E. S. & Øye, I. (2025, 23. september). Paracetamol. I Store medisinske leksikon.
https://sml.snl.no/paracetamol

Vennerød, A. M. & Granås, A. G. (2025, 18. februar). Legemidler. I Store medisinske leksikon.
https://sml.snl.no/legemidler

Øye, I. & Brørs, O. (2024, 26. november). Legemiddelinteraksjon. I Store medisinske leksikon.
https://sml.snl.no/legemiddelinteraksjon

Skrive av Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 11.06.2026