Kan KI vere ei kjelde?
Del 1: Kva kan du om KI?
For å svare på spørsmålet i overskrifta treng du litt kunnskap om kva KI er, og korleis praterobotar fungerer.
Om du er usikker på kva du eigentleg kan om kunstig intelligens, les denne korte artikkelen på Lille norske leksikon før du svarer på spørsmåla:
Del 2: Sjekk søkeresultat
De skal no sjekke dei to mest brukte søkemotorane i Noreg, Google og Bing, og sjå på korleis dei bruker KI til å generere svar. Jobb gjerne i par.
Søk med spørsmålet: "Kva er KI?" i Google.
Kva slags svar får de opp? Er det kjelder eller KI-generert tekst?
I kva rekkefølge kjem dei ulike svara?
Gjer det same i søkemotoren Bing.
Kva slags svar får de opp?
I kva rekkefølge?
Kva er ulikt frå Google-treffa?
Kvifor trur de dei KI-genererte svara er plasserte på ulike stader i trefflista? Har det noko å bety for kva de vel å lese av treffa?
Sjekk kjeldene som dei to søkemotorane oppgir er grunnlaget for det KI-genererte svaret. Ser de nokon likskapar og forskjellar der?
Kva er fordelane ved KI-genererte svar i søkemotorar? Kva er ulempene?
Del 3: Søk på "smale" spørsmål
I del 2 fekk de KI-genererte svar med fleire pålitelege kjelder som støtta innhaldet. No skal de gjere nye nettsøk i Google og Bing med litt andre typar spørsmål:
Kva var favorittretten til Henrik Ibsen?
Kvar blir dialektordet "blege" brukt?
Kva slags klede bør eg ha på skulen?
Kva smaker best av lakris og karamell?
Kva attraksjonar finst i Kvinnherad?
Gir begge søkemotorane eit KI-generert svar?
Kva slags kjelder blir det vist til i KI-svara de får på dei ulike punkta?
Er kjeldene gode? Grunngi svaret.
Kva meiner de er årsaka til at desse søketreffa er litt annleis enn dei det fekk i del 2?
Del 4: Kan KI-samandrag vere ei kjelde?
I deloppgåvene over har de sett at det varierer om søkemotorane gir dykk ei KI-generert oppsummering eller ikkje. Det varierer òg kor mange kjelder dei viser til i dei genererte svara. Kvaliteten på kjeldene er òg ulik.
Diskuter no desse spørsmåla:
Kan KI vere ei kjelde om de til dømes skal skrive ein fagartikkel? Grunngi svaret.
Kva kan vere ein god måte å bruke KI på i kjeldearbeid?