Hopp til innhald

Formasjonstrykktest

Om vi testar formasjonsforholda utan å trekkje ut borestrengen først, kan vi bore brønnen meir effektivt. Informasjonen vi får, bruker vi til å justere eigenskapane til boreslammet og til å planleggje kompletteringløysingar for reservoaret.

Formasjonstrykk- og permeabilitet-test

Ved hjelp av -verktøyet «Formation Pressure Tester» i kan ein teste formasjonstrykket og permeabiliteten i sanntid (mens ein har borestrengen i holet).

Verktøyet blir vanlegvis brukt i reservoarsona for å få best moglege data frå heile reservoaret. Verktøyet er plassert nær borkrona i BHA slik at ein kan få data frå sona ein borar seg inn i, så tidleg som mogleg.

Dataa blir brukte til å velje riktig boreslameigenskap undervegs slik at ein kan redusere sannsynet for boreproblem eller tap av brønnkontroll. Logginga gir svært nøyaktige trykkmålingar under boring og kan brukast til å oppdatere den geologiske modellen som blir brukt for å velje best mogleg kompletteringløysing for brønnen.

Videoen viser korleis LWD-verktøyet TesTrak blir skyvd inn mot brønnveggen før datainnsamlinga startar. Datainnsamlinga består av innstrøyming av formasjonsvæske der ein måler trykkfallet over tid. Deretter blir testen stoppa slik at formasjonstrykket kan byggje seg opp att, og så kan ein gjenta innstrøymingstesten. Tida det tek før trykket begynner å falle igjen, blir brukt til å fastslå kor stor gjennomstrøymingsevne formasjonen har.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske. Rettshavar: Baker Hughes Inc
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017