Karakterutvikling og teikneserie

Utstyr
Vel teknikk og format sjølv.
Del 1: Karakterutvikling
Du skal skape ein karakter eller (super)helt. Teikn skisser der du utviklar karakteren:
Karakteren skal ha minst tre personlege kjenneteikn.
Legg vekt på ansiktsuttrykk og klesstil.Karakteren må kunne bevege seg.
Legg alle skissene inn i prosessheftet ditt.

Det er KDA-elevar ved Bergeland vidaregåande skule i Stavanger som har laga alle illustrasjonane i denne artikkelen. Her har Bendicte Huth jobba digitalt og viser portrett av karakterane og figurane sett frå ulike vinklar.

Del 2: Draumeby
På vg1 lærte du om å skape djupne i artikkelen "Illusjon av djupne". Bruk denne kunnskapen og teikn din eigen draumeby. Vel nokre djupneskapande verkemiddel som du vil konsentrere deg om. Det kan til dømes vere linjeperspektiv. Bruk fantasien og leik med fargar og former.

Her har Aurora Joakimsen Hagen (over) og Nanna Løland (under) brukt topunktsperspektiv og leika med storleikar, overlapping og fargekontrastar.

Del 3: Teikneserie
Zoom inn på ein del av draumebyen du teikna i del 2. Lag minst to utsnitt frå bybiletet der du plasserer ein eller fleire karakterar eller figurar. Du kan bruke delar av originalteikninga di, eller du kan lage eit nytt utsnitt.
Tenk på perspektivet. Du kan velje fugleperspektiv, froskeperspektiv eller normalperspektiv.
Leik med storleikar og rom, og skap djupneverknad.
Lag eit kort, lite handlingsforløp på tre ruter eller meir. Du kan til dømes beskrive ein situasjon minutt for minutt, og du treng ikkje å finne på resten av historia.

Her har Kasper Steinsland Asmarvik først jobba for hand og så forenkla uttrykket og jobba vidare digitalt.

Innlevering
teikneserie med minst to ulike utsnitt
skisseprosess og karakterutvikling
prosesshefte frå del 1 og 2
eigenvurdering av arbeidsprosessen din og det ferdige resultatet
Relatert innhald
Korleis kan du utvikle din eigen karakter? I denne oppgåva skal du jobbe både med teikning og med å forme eit tredimensjonalt hovud i leire.
Når du skal teikne skråstilte gjenstandar og bygningar, treng du to forsvinningspunkt. Lær å skape djupne med perspektivteikning, og teikn ein draumeby.