Religiøs identitet

Kva er religiøs identitet?
Buddhist, muslim, hindu, kristen eller jøde? Kva religion du tilhøyrer, kan ofte vere ein viktig del av identiteten din. I Noreg lever vi i eit fleirkulturelt samfunn der menneske med ulik religiøs bakgrunn lever side om side. I eit slikt samfunn kan religiøs identitet både vere med på å føre oss saman og skilje oss frå kvarandre.
Identitet handlar grunnleggande sett om kven vi er. Det er ein relativt stabil del av oss sjølv som bind saman dei ulike rollene og eigenskapane våre. Identiteten vår skil oss frå andre menneske og gjer oss til ein del av ulike fellesskap. Han er ikkje noko vi forandrar frå dag til dag. Sjølv om vi heile tida kan forandre oss, oppfattar vi som regel oss sjølv og andre som den same personen frå veke til veke og frå år til år.
Vi skil ofte mellom ein personleg og ein sosial identitet. Den personlege identiteten er det som gjer oss unike, mens den sosiale handlar om kva for nokre sosiale grupper og fellesskapar vi tilhøyrer. Den religiøse identiteten vår er den delen av den personlege og sosiale identiteten som er knytt til religion. Ein kristen kan til dømes meine at hen har sin eigen personlege måte å forstå religionen på, samtidig som hen deltek i ein kristen kyrkjelyd og identifiserer seg med fellesskapen i kyrkja.

Personleg identitet
Den personlege identiteten vår handlar om korleis vi oppfattar oss sjølv og våre eigne personlege eigenskapar. Kva er det som gjer akkurat oss spesielle og særeigne? For truande kan det personlege forholdet til Gud eller det heilage vere ein del av det som skil dei frå andre. Dei kan oppleve at det nettopp er det religiøse som utgjer kjernen i den dei er. Ein muslim eller ein kristen kan til dømes tenke at hen er spesiell fordi hen har ei eiga sjel, noko som igjen bygger på islamske og kristne førestillingar om sjela.
Religion vil òg kunne vere med på å forme alle dei små vala du tek i kvardagen som gjer deg til den du er. Det kan vere korleis du kler deg, kva du et, kva du meiner er rett og gale, korleis du stiller deg til seksualitet og rusmiddel og så vidare. Viss du tilhøyrer ein religiøs minoritet, vil slike val i spesielt stor grad kunne skilje deg frå andre. Samtidig kan du godt tilhøyre ein religion og ein religiøs fellesskap utan å oppfatte religion som ein del av den personlege identiteten din. I dag er det til dømes fleire som kallar seg kristne – og feirar religiøse høgtider som jul og påske – utan å ha noka personleg kristen tru.
Tenk etter
Kan det at nokon ikkje er religiøs, vere ein del av den religiøse identiteten til den personen?
Sosial identitet
Den sosiale identiteten vår er basert på tilhøyrsel og fellesskap med ulike grupper eller kategoriar i samfunnet. For dei som tilhøyrer ein religion, kan den religiøse fellesskapen vere ein viktig del av den sosiale identiteten. Saman med andre kategoriar og grupper, som til dømes nasjonalitet, etnisitet og kjønn, er religiøs tilhøyrsel med på å forme kven vi er.
Dei fleste som tilhøyrer ein religion, har blitt ein del av han som barn, og mange religionar har eigne ritual for å gjere nokon til ein del av den religiøse fellesskapen. I kristendommen er det til dømes ein dåpsseremoni, og i jødedommen blir bar bitzva feira. Tilhøyrselen til ein religion kan òg komme til uttrykk gjennom religiøse symbol og klede, som til dømes kross og turban, og gjennom feiringa av religiøse høgtider, som til dømes ramadan.

Det sosiale identiteten til medlemmer av same religion kan vere svært ulik. Medlemmene kan identifisere seg i ulik grad og på ulik måte med den religiøse fellesskapen dei er ein del av. Det er heller ikkje alltid eit klart skilje mellom dei ulike gruppene og fellesskapane dei kan vere ein del av. Det kan til dømes vere ein flytande overgang mellom religiøse, nasjonale, kulturelle og etniske fellesskap. Det norske samfunnet er ifølge grunnlova basert på den kristne kulturarven, og mange språklege, nasjonale og kulturelle fellesskapar har ein religiøs dimensjon. I USA er til dømes det offisielle mottoet: "In God we trust". Det er ein del av nasjonalsongen, det blir trykt på pengesetlar og står skrive på ei rekke offisielle bygningar.
Tenk etter
Det kan ofte vere ein sterk samanheng mellom den personlege og den sosiale delen av den religøse identiteten vår. Korleis trur du dei to delane kan påverke kvarandre?

Identitetsmangfald
Identitet er noko som skil og sameiner oss. Ein felles religiøs identitet bind ei gruppe saman, samtidig som han lagar ei grense mot andre fellesskapar. Det er kontrastane til andre grupper som er med på å skape ein indre fellesskap. Ein felles identitet vil derfor ofte skape eit "oss" og eit "dei", eit "vi" og eit "dei andre". På den eine sida kan dette skape tryggleik og tilhøyrsel for dei som er ein del av fellesskapen. På den andre sida kan det føre til konfliktar og polarisering mellom ulike grupper.
Identitetsmarkørar
Identiteten vår kjem til uttrykk på mange ulike måtar. Ein identitetsmarkør er trekk, eigenskapar, signal og standpunkt som uttrykker kven vi er, og kva for grupper vi tilhøyrer. Vi kan uttrykke religiøs identitet ved hjelp av mange ulike identitetsmarkørar, som til dømes språk, klede, symbol, levevanar, verdival og deltaking i religiøse aktivitetar og ritual.
Klede og smykke er ofte synlege identitetsmarkørar. Både krossen og davidsstjerna er vanlege som halskjeder, og hovudplagget hijab har blitt meir vanleg blant muslimske jenter i Europa. Store religiøse høgtider som til dømes ramadan i islam, vesak i buddhismen og påskefesten i kristendommen og jødedommen fungerer som viktige samlingspunkt og identitetsmarkørar. Matvanar kan òg vere ein måte å markere identitet på. Blant muslimar finn vi til dømes eit forbod mot å ete svin, og fleire jødar følger spesielle reglar for tillaginga av mat.
I dag kan vi sjå tendensar til at religion i aukande grad blir brukt som ein identitesmarkør. Tidlegare blei til dømes mange innvandrarar som kom til Noreg, omtalte som pakistanarar, syrarar eller somaliarar, mens dei no oftare blir omtalte som muslimar. I media blir òg den religiøse tilhøyrselen ofte trekt fram som eit kjenneteikn på ulike individ og grupper.

Identetsforhandlingar
Vi er alle delar av ulike fellesskapar, og identiteten vår er derfor sett saman av mange ulike identitetar. I éin samanheng vil vi kunne vektlegge ei spesiell side ved identiteten vår, og i ein annan samanheng noko heilt anna. Når vi ser ein landskamp i fotball, vil vi til dømes vektlegge den nasjonale identiteten vår, når vi kommuniserer med andre, vil vi kanskje bruke dialekt og uttrykke den lokale tilhøyrselen vår, men når vi giftar oss, vil vi kanskje velje ein religiøs seremoni og vektlegge den religiøse tilhøyrselen vår. Det er derfor ikkje mogleg å redusere menneske sin identitet til éin enkel tilhøyrsel. Ingen er berre muslim, hindu, jøde eller kristen. Vi har eit mangfald av ulike identitetar, noko som kan vere med å bygge bru over religiøse skiljelinjer.

Kva det inneber å ha ein muslimsk, kristen eller jødisk identitet, er heller ikkje hogd i stein. På den eine sida er identiteten vår noko relativt stabilt og varig. På den andre sida er han noko dynamisk, som ofte blir forandra i løpet av livet. Identiteten vår blir til i samspel med andre menneske og samfunnet rundt. Vi blir tilskrivne ein identitet frå andre, og vi identifiserer oss med ulike tankar, kjensler, individ og grupper. Ofte vil det vere ein forhandling mellom ulike individ og grupper om akkurat kva det vil seie å ha ein bestemd identitet. Det er òg eit stort mangfald internt i religiøse tradisjonar. Ein statskyrkje-kristen vil kanskje ikkje identifisere seg med ein pinsevenn eller ein katolikk. Kva det vil seie å vere buddhist i Noreg, kan vere annleis enn i Thailand. I Noreg i dag identifiserer mange kristne seg med ei kyrkje som har både kvinnelege og mannlege prestar, noko som for to hundre år sidan ville vore heilt utenkeleg.
Tenk etter
Korleis kan den religiøse identiteten vår både seie noko viktig om kven vi er, samtidig som han kan leie til fordommar, stereotypar og diskriminering?
Viktige fagomgrep
religiøs identitet
personleg identitet
sosial identitet
identitetsmarkørar
identitetsforhandlingar