Hopp til innhald

Julekonfekt

Konfekt finst i mange variantar. I denne filmen viser konditoren deg korleis du kan lage ein konfekt med smak av appelsin som er perfekt til jul. Han er av typen sjokoladeganache, som blir rulla i smelta sjokolade og kakao. Då blir han kalla sjokoladetrøflar.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppskrift på sjokoladetrøflar

Trøflane er enkle å lage, men resultatet blir best viss du lagar dei over to dagar. Då rekk dei å bli ordentleg kalde og setje seg før dei skal rullast.

Viss du ikkje har rulla så mykje før og vil at kulene skal bli nokolunde like store, er det greitt å bruke eit kulejern til å fordele massen med. Kulejern får du kjøpt i dei fleste kjøkkenbutikkar. Du kan òg bruke ei skei.

Ingrediensar til sjokoladeganache

  • 2,4 dl fløyte

  • 300 g mjølkesjokolade, finhakka

  • 100 g mørk sjokolade, finhakka

  • 120 g smør

  • zest (finrive appelsinskal) av ein appelsin

I tillegg treng du

  • 2–300 g smelta mørk sjokolade til å rulle dei i etterpå

  • mørk fin kakao og gjerne litt gullglimmer

Slik gjer du

  • Kok opp fløyten saman med appelsinzesten. Ta kjelen av varmen, og hell fløyten over den finhakka sjokoladen (mørk sjokolade og mjølkesjokolade). Røyr saman med ein sleikepott.

  • Tilset smør i den varme sjokoladeblandinga, bruk gjerne salta smør for å framheve smak. Køyr dette glatt med ein stavmiksar.

  • Hell ganachen over i ei skål så det blir lett å rulle kuler når han har sett seg. Set ganachen på kjøl, dekt med plast.

  • Når ganachen har blitt kald og har sett seg, rullar du han til små kuler. Set kulene spreidde på ei plate med bakepapir. Set plata med kulene på kjøl mens du smeltar sjokolade til å rulle dei i.

  • Hakk sjokolade, cirka 2–300 g, og smelt han i vassbad. Vassbad er ei gryte med vatn i. Ta omtrent ein halv liter vatn i gryta, og heng ei skål som passar til toppen av gryta, oppå. Ha sjokoladen oppi skåla, og røyr med ein sleikepott til han har smelta. Ta skåla av vassbadet når sjokoladen har smelta.

  • Set skåla med smelta sjokolade på eit bakepapir mens du rullar kulene, så slepp du å få masse sjokolade på arbeidsbordet. Ta litt smelta sjokolade mellom handflatene og gni hendene saman så dei er godt dekte med sjokolade, og rull to og to kuler. Pass på at dei blir godt dekte med sjokolade.

  • Når alle kulene er rulla i sjokolade, rullar du dei i ei blanding av kakao og litt gullglimmer. Når alle er rulla ferdig, tek du cirka fire om gongen i ei mjølsikt og siktar dei litt. Då slepper dei litt kakao, og ein får "trøffel-looken".

Tips

  • Gullglimmer får ein kjøpt i kjøkkenbutikkar, på nettet og mange andre stader.

  • Ganachen kan òg lagast utan appelsin og heller bli smakt til med til dømes konjakk eller whisky.

  • Pakk trøflane i ein lufttett boks, så held dei i cirka ein månad.

CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2024