Hopp til innhald

Pynting av peparkaker

Peparkaker høyrer jula til. Ikkje berre smaker dei godt, dei gir òg eit godt høve til kreativ utfalding. I denne filmen viser konditoren deg nokre gode teknikkar for å dekorere fine peparkakehjarte til jul.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Dekorering av peparkaker

Du treng

  • ferdig steikte peparkaker. Tips: Om du penslar peparkakene med eggekvite før steiking, blir dei ekstra blanke. Du kan òg dekorere med mandlar som du set i ein blomsterformasjon på peparkakene før steiking.

  • melis (mengda kjem an på kor mange peparkaker du skal dekorere)

  • eggekvitar

  • sprøytepose eller papirkremmarhus

Slik lagar du melisglasuren

  • Sikt melis med ei mjølsikt.

  • Ha melisen opp i kjøkkenmaskina.

  • Bruk K-kroken og set på maskina på cirka 1/3 fart. Spe med eggekvite mens maskina går.

  • La ho gå i cirka 5–10 minutt, og juster med eggekvite undervegs.

  • Prøvesprøyt litt før du tek alt i ein pose. Juster om nødvendig med meir eggekvite.

Slik dekorerer du

  • Lag ein plan før du startar dekoreringa. Om du lagar store peparkakehjarte, er det fint med ein bord langs kanten og kanskje ei hyggeleg skrift.

  • Klipp eit passe stort hol i posen med melisglasur. Pass på at holet er perfekt klipt, rett over.

  • Prøvesprøyt alltid litt på bordet før du sprøyter på peparkaka.

  • Bruk ein bord eller ei anna dekorering som du liker.

CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2024