Hopp til innhald

Julemarengs

Det er så mykje fint du kan lage med marengs. Og til jul passar det jo godt å lage juletre. I denne filmen viser konditoren to ulike måtar å lage juletre av marengs på.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppskrift på marengs til juletre

Du treng

  • 2,5 dl eggekvite

  • 490 g melis

  • grøn pulverfarge

  • kvitt perlesukker som ikkje smeltar i omnen

  • silikonmatte

  • grillpinnar

  • stjernetyll

Slik gjer du

  • Pisk opp eggekviten til høgt, kvitt skum. Pisk inn melisen litt etter litt.

  • Pisk marengsen ei god stund til han blir tjukk, glatt og skinande.

  • Farg han i ein delikat grønfarge med pulverfarge. Flytande farge vil gjere marengsen blaut.

  • Ha marengsen i ein sprøytepose med stjernetyll.

  • Sprøyt juletrea på silikonmatte. Bakepapir vil flagre i omnen og øydelegge marengsane.

Til juletrea utan grillpinne

  • Bruk ein stor stjernetyll. Sprøyt ut marengsen som eit pikekyss, dra posen oppover og sprøyt ein litt mindre topp oppå så marengsen får form som eit juletre.

  • Dryss på kvitt perlesukker.

  • Steik ved 80 gradar i cirka 8 timar.

Til juletre på pinne

  • Marengsen skal sprøytast over ein grillpinne så ein kan ete det som ein kjærleik på pinne.

  • Legg grillpinnane utover ei silikonmatte. Sprøyt marengsen over pinnane i mange små toppar i ulike storleikar, slik at det til slutt blir danna ein treformasjon.

  • Pynt med perlesukker og eventuelt gullfarga kjekskuler.

  • Steik ved 80 gradar i cirka 8 timar.

  • Losne juletrea varsamt med ein liten, glatt kniv.

Tips!

Pakk gjerne marengsjuletrea fint inn i cellofan og gi bort i gåve til jul.

CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2024