Hopp til innhald

Julemarsipan

Julemarsipan er ein tidlaus klassikar som bringer både smak og glede til juletida. Dekorative maripanfigurar pyntar opp og dannar eit blikkfang på eit dessertbord, ein salsdisk eller som pynt på kaker. I denne filmen viser konditoren korleis du på ein enkel måte kan lage eit juletre av marsipan.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Modellering av marsipan

Marsipanfigurar skal vere fine og innbydande. Når dei er modellerte ferdig, skal dei ha ei fin form og ei fin overflate og finish. Modelleringa tek til med at vi har eit stykke marsipan som vi formar til ei kule ved å rulle med heilt reine hender og med passande trykk. Kula er eit grunnleggande utgangspunkt for all modellering. Det er sjølv byrjinga som skal gi marsipanen ein mjuk, modellerbar konsistens og ei glatt overflate.

Modellering krev ikkje så mykje spesialverktøy, men det krev eit godt handelag, sans for proporsjonar og stor nøyaktigheit. Modellering er eit område innan konditoryrket som er veldig spennande, og som opnar nye moglegheiter for alle som har interessa.

Ulike typar marsipan

Det finst ulike typar marsipan. Det vanlegaste å bruke til figurar er figurmarsipan. Dette er ein marsipan som er spesialutvikla for å bli rulla, og han inneheld òg meir mandlar enn til dømes overtrekksmarsipan, og er derfor òg betre på smak.

Farging av marsipanen

Når du lagar marsipanfigurar, kan du anten farge marsipanen på førehand eller spraye figurane med ein airbrush etterpå. Marsipanfrukt og liknande som består av ei heil eining, eignar seg godt til å farge med airbrush, mens figurar med fleire delar som blir sette saman, blir finast og "reinast" når du bruker ferdigfarga marsipan.

Når du skal farge marsipanen sjølv på førehand, må han fargast seinast dagen før han skal brukast. Dette er fordi han vil sleppe ein del farge når han er nyfarga. Marsipanen bør helst fargast eit par dagar før bruk og pakkast i ein lufttett pose. Pulverfarge eignar seg godt til å farge marsipan. Ved å bruke pulverfargar blir det ikkje tilsett ekstra væske i marsipanen, og du unngår at han blir klissete.

Marsipan er ein mandelmasse som tørkar veldig lett. Tørr marsipan eignar seg ikkje til å rulle figurar med. Har marsipanen blitt tørr, kan han godt køyrast opp med eggekvite og brukast som mandelmasse i til dømes wienerbrød.

Marsipanjuletre

Til eit juletre treng du mange kuler i ulike storleikar.

Du treng

  • ferdigfarga marsipan i grøn farge til sjølve treet

  • ferdigfarga marsipan i valfrie fargar til julekuler

  • kakebrett i papp til å setje figuren på

  • eventuell pynt som dekormelis, gullspray, gullknappar og liknande

Framgangsmåte

  • Du startar med å rulle ei kule. Plasser kula mellom handflatene. Med små rørsler på midten av kula formar du ei pære. Dette skal bli stammen til treet.

  • Plasser "pærestammen" midt på eit stykke papp slik at du slepp å flytte på han etterpå. Rull så ei ny mindre kule som du formar vidare til ei ny pære. Fest denne mindre pæra godt på oversida på den første ståande pæra. Lag fleire slike små pærer som blir festa på pærestammen, heilt til dei dannar ein tett ring eller krans av små pærer. Dette liknar då på greinene til treet.

  • Neste ring av pærer lagar du litt mindre enn den første, men med same prosess. Neste pære blir sett i mellomrommet mellom pærene i den første "greinkransen". På eit juletre kan ein godt ha tre eller fire ringar med pærer på stammen. Kvar ring har ei pære mindre enn ringen under, det vil seie at første ring til dømes består av fem pærer, neste ring fire pærer, neste tre pærer og så avsluttar du med to på toppen.

  • No har du eit fint juletre. Då står det att berre å pynte det litt. Du kan sikte på dekormelis eller feste på små gullknappar, lage ei lita stjerne i toppen – ja, her er mogelegheitene mange! Berre tenk på at all pynten skal vere etande, det er jo ein marsipanfigur.

CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2024