Hopp til innhald
Nynorsk

Pastellkrit

Du kan bruke pastellkrit på ulike måtar og på mange typar papir. Pastellkrit har klare, sterke fargar, og ulike teknikkar gir heilt ulike uttrykk. I denne artikkelen får du forslag til nokre teknikkar du kan prøve.

Mjuke eller harde pastellkrit

Pastellkrit, eller tørrpastellar, er fargepigment som blir haldne saman ved hjelp av eit bindemiddel. For å få den rette hardleiksgraden blir det brukt ulike mengder krit eller leire som fyllstoff.

Du kan få heilt mjuke pastellkrit, som gir klare, sterke fargar, men som lett smuldrar. Det finst òg harde pastellkrit, som gir skarpare strekar, og som ikkje støvar like mykje som dei mjuke pastellkrita. Nokre kunstnarar kombinerer krita med pastellblyantar, som har ein kjerne med støypt pastellmasse. Pastellblyantar er praktiske for å teikne detaljar etter at du har lagt grunnlaget med pastellkrit.

Papir

Nokre papirtypar er spesielt godt eigna for pastellkrit, men prøv òg ut vanleg teiknepapir. Papir med gir betre resultat enn glatt papir, fordi pigmenta får betre feste på ei ru overflate.

Fargen på papiret påverkar uttrykket. Pastellkrit er fine å bruke på kvitt papir, men det finst papir i ei rekke fargar. Prøv ut korleis farga papir kan gi ei anna oppleving av fargane i pastellkrita.

Teknikkar

Før du vel korleis du vil arbeide med teikninga di, bør du prøve ut teknikkane på det papiret du skal bruke. Då får du betre grunnlag for å velje rette teknikkar for få til det uttrykket du vil ha.

Vi skal gå gjennom nokre teknikkar du kan eksperimentere med. Studer bileta under, og følg beskrivingane.

Lag på lag

Viss du legg eit lag over eit anna, oppstår det fargeblanding på papiret. Jo tynnare det øvste laget er, dess meir skin laget under gjennom.

Start med å legge på eit første lag som du omarbeider på papiret. Du kan bruke fingeren til å lage overgangar og mjuke kantar. Tenk på dette som ein bakgrunnsfarge som definerer fargane på objektet du teiknar. Du kan òg planlegge valørar som beskriver lys og skugge i det du teiknar.

Neste lag teiknar du oppå dette. Då kan du legge på fargar som får fram i objektet.

Teikninga under er laga med same teknikk som vist på biletet av sirklane.

Skrape i lag

Legg først på eit lag med ein farge. Gni han inn i papiret slik at han har godt feste i overflata. Over dette laget legg du på eit tjukt lag med den andre fargen du vil bruke. Skrap så varsamt vekk dei flatene du vil gjere synlege med bakgrunnsfargen. Du kan til dømes bruke spissen på ein kniv. Pass på å ikkje skrape for hardt, med mindre du vil at fargen på sjølve papiret skal komme fram.

Skravering

Ved å teikne opp linjer tett i tett bruker du skraveringsteknikk. Det kan vere lange eller korte linjer, og dei kan vere rette eller kurva. Linjer som kryssar kvarandre, blir gjerne kalla krysskravering. På same måte som ved teikning med blyant kan du skape ulike valørar. Brukar du ulike fargar, kan du utnytte effekten kombinasjonar av to eller fleire fargar gir.

Å blande med vatn

Du kan tilsetje litt vatn på flatene du har påført pastellkrit. Blandinga blir som ei måling som trekker ned i papiret. Du kan bruke fingeren eller ein pensel til å jamne det utover.

Punkt i ulike fargar

Viss du set punkt i ulike fargar tett i tett, kan du skape ein illusjon av andre fargar, spesielt om ein ser teikninga på avstand. Gule og blå prikkar sette saman tett i tett kan opplevast som grønt, sjølv om du ikkje har blanda desse to. Det blir som om fargeblandinga skjer i auget til den som ser på biletet. Kunstnaren Georges Seurat brukte denne teknikken i fleire av bileta sine. Teknikken blir kalla pointillisme.

Sjablong og skumgummirulle

Du kan lage fargepastellpudder ved å skrape pastellkritet med ein kniv. Pudderet kan gnidast eller børstast utover papiret. Du kan òg rulle det ut ved hjelp av ei skumgummirulle. Kombinerer du dette med ein sjablong, kan du få heilt jamne og avgrensa flater.

Fiksativ

I motsetning til oljepastellar, som blir bundne med voks og olje, må tørrpastellar fikserast etter teikning for ikkje å smitte av ved berøring.

Når du teiknar over papiret med pastellkrita, blir pigmenta liggande som støv på papiret. For å hindre at pigmenta smittar av, bruker nokon fiksativspray over teikninga. Dette festar pigmenta til papiret. Ulempa er at fargane då kan forandre seg. Dei kan bli mørkare og miste litt av gløden som er i dei reine pigmenta. Andre vel forsiktig å montere den ferdige teikninga i ei ramme med , slik at det blir avstand mellom teikninga og glaset.

Relatert innhald

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 26.09.2024