Hopp til innhald

Skisse til årsplan for faget sikkerheit vg2 (SSH2001)

Når du skal planleggje skuleåret, kan du kanskje ha nytte av forslaget vårt til årsplan. Her får du tips til korleis du kan jobbe med faget, med lenker til konkrete fagressursar i ulike emne.
Fire smilande elevar i samtale rundt eit bord. På bordet har dei skrivebøker og notat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her får du nokre forslag til korleis du kan arbeide med å nå kompetansemåla i sikkerheit vg2 i LK20.

Med eit variert utval av læringsressursar kan du tilpasse innhaldet til ulike elevar og undervisningsmetodar. Vi håper lenkesamlinga kan hjelpe deg med å finne fram i ressursane våre og inspirere deg til å prøve ut noko nytt.

I vedlegget finn du eit forslag til årsplan med lenker til føreslåtte ressursar. Ressursane finst på både bokmål og nynorsk. Årsplanen vil bli oppdatert med fleire ressursar undervegs.

Lykke til med organiseringa av skuleåret!


Filer


CC BY-SASkrive av Anki Olsen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021