Hopp til innhald

Sjette-generasjon flyterigg

Dagens semi-sub er utvikla for arktiske forhold og ekstreme havdjup. Sjette generasjon semi-sub har større lagerkapasitet for borerøyr og stigerøyr og kan derfor bore lengre og djupare brønnar enn vanlege riggar.
Den halvt nedsenkbare riggen Aker Spitsbergen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt i emnet:

  • Semi-sub

  • 3 000 meters havdjup

  • 10 000 meters brønn

  • Vinterisolering

  • Norsk design

Det norske designet blei anerkjent

Dei første halvt nedsenkbare riggane blei utvikla i USA på byrjinga av 1960-talet. Desse riggane passa berre på svært grunne havdjup og kunne ikkje bore sidevegs eller djupt.

Aker Drilling utvikla på slutten av 1960-talet ein eigen variant som skulle passe til norske forhold. Det blei ein andre-generasjons semi-sub.

Aker vidareutvikla riggen sin til versjonane H-3.2 og H-4 dei neste tjue åra. Riggane fekk større kapasitet til last om bord og kunne bore frå havdjup opp til 1000 meter. Nokre av fjerde-generasjonsriggane fekk installert Dynamisk Posisjoneringsutstyr (DP) som blei vidareutvikla i femte- og sjette-generasjons rigg. Designet tok omsyn til tøffe vêrforhold og var spesielt tilpassa norsk olje- og gassindustri.

Aker H- serien er vidareført heilt opp til sjette-generasjonsriggane Aker Barents og Aker Spitsbergen som kom rundt 2009. Aker Barents har skifta eigar og heiter no Transocean Barents.

Riggane til sjette-generasjon har større

  • lagringsplass

  • dekksplass

  • operasjonsvindauge for havdjup

  • løftekapasitet på kranar

  • løftekapasitet i boretårn

H-6e er i tillegg tilpassa arktiske forhold. Avstand frå havoverflate til nedste dekk er 18,5 meter for å unngå skade frå "hundreårsbølgja" som er berekna til 17,5 meter. H-6 er ein stabil og godt isolert riggtype som kan operere på opptil 3000 meters havdjup og bore brønnar som er opptil 10 000 meter lange. Dette krev at riggen har lagringsplass for både stigerøyr og opp mot 13 000 meter borerøyr. Riggen har òg tankvolum til borevæsker tilsvarande denne lengda på brønnar.

BUP og anna sikkerheitsutstyr er rata til 15 000 psi. BUP blir plassert på havbotnen på brønnhovudet ved bore- og brønnoppdrag (våt BUP).

Vinterisering av riggen

Ein stor fordel med denne riggtypen er at han kan bore i arktiske strøk. Både i Barentshavet, rundt Grønland og fleire stader i Russland blir førekomstane som ligg i formasjonane utforska. I slike område er det behov for å bruke kraftige og solide riggkonstruksjonar som er "vinteriserte", det vil seie at riggen er utforma med utstyr og konstruksjonar som toler store belastningar og låge temperaturar.
Alt hydraulisk utstyr har varmeelement som varmar opp olja i anlegget før ein byrjar å operere hydraulikken. Boretårnet er dekt med vindvegger, som skal hindre vind og nedising på boredekket under boreoperasjonen.

Kombinasjonen av vind og svært låg temperatur er skadeleg for menneske. Følgja kan vere alvorlege forfrysingsskadar på hud, fingrar og føter.

Sjette-generasjon semi-sub i andre utgåver

Fleire boreselskaper byggjer riggar etter krava til sjette generasjon semi-sub, som til dømes Saipem sin Scarabeo 8 som har lang erfaring i Barentshavet.

Scarabeo 8 katalog

Tekniske detaljar

Offshore Magazine har laga ein artikkel om Aker H-6-riggtypen og byggjefasen: Advances in rig design.

Riggen er utstyrt med -system, med åtte baugpropellar (thrustarar) som held riggen i posisjon under boreoperasjonane.
På mindre havdjup kan ein ankre opp riggen med dei åtte 15-tonn-ankane på riggen.

Energibehov


Det krev mykje energi å halde posisjoneringssystemet i gong. Kvar truster trekkjer 4500 kW for å levere opp til 800 kN slepekraft.
Det er åtte dieselgeneratorar om bord som bidreg med straum og kraft til utstyr. Kvar dieselgenerator yter 5300 kW. Dei forbruker mykje drivstoff for å gi energi til trusterane og anna utstyr som treng kraftforsyning. Ulempa er utslepp til atmosfæren.

Tid for ein liten sjekk:

CC BY-SASkrive av Børge Harestad og Sissel Paaske. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 27.08.2021