Hopp til innhald

Rettar og plikter i arbeidslivet

I arbeidslivet har du både rettar og plikter. Rettar er det du har krav på som tilsett, plikter er det du må gjere. Det norske arbeidslivet er i stor grad bygd på tillit mellom arbeidstakar og arbeidsgivar sjølv om mange av rettane og pliktene står i lover og avtaler.
To barn som har kledd seg ut. Eit barn med legefrakk held eit stetoskop. Det andre barnet har gul hjelm og rutete skjorte og ein stor papirrull i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsplikt, styringsrett og lojalitetsplikt

Som arbeidstakar har du arbeidsplikt. Det betyr at du skal møte opp til avtalt tid på arbeidsstaden og overhalde arbeidstida. Du har òg plikt til å utføre arbeidsoppgåver. Både arbeidstid og arbeidsoppgåver skal stå i arbeidskontrakten som alle arbeidstakarar har rett på.

Arbeidsgivar har òg styringsrett. Det vil seie at arbeidsgivaren har rett til å organisere og leie arbeidet. Det inneber at du som arbeidstakar pliktar å følgje instruksjonane til leiinga når det gjeld kva du skal gjere, og på kva måte arbeidet skal utførast.

Som arbeidstakar har du ytringsfridom, men samtidig òg lojalitetsplikt overfor arbeidsgivar. Lojalitetsplikta handlar om at du som arbeidstakar må vere varsam med å gi negativ omtale av bedrifta utover, til dømes til foreldre og media. Du må òg vere varsam med kritikkverdig omtale i sosiale medium som til dømes Facebook, Twitter, Instagram og ulike bloggar.

Plikt til å medverke

Som arbeidstakar skal du aktivt vere med på å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø. Det inneber at du skal nytte verneutstyr og gi beskjed viss du oppdagar feil eller manglar som kan utgjere fare for liv og helse. Du har plikt til å delta i dialogmøte ved sjukefråvær. Du skal rette deg etter påbod frå Arbeidstilsynet.

Fagforeiningar

Det norske arbeidslivet er basert på at både arbeidstakarar og arbeidsgivarar organiserer seg, mellom anna for å unngå konfliktar på arbeidsplassen.

Dei fleste yrke har ei fagforeining. Alle arbeidstakarar har rett til å organisere seg. Fagforeininga arbeider for at du som arbeidstakar skal få det så bra som mogleg på jobb. Fagforeiningane forhandlar med arbeidsgivaren om betre avtalar. Denne avtalen blir kalla tariffavtale. Ein tariffavtale kan handle om mellom anna arbeidstid, løn eller ferie. Avtalen gjeld vanlegvis i to år, og både arbeidsgivar og arbeidstakar har plikt til å følgje han.

På den måten kan vi seie at vi har eit regulert arbeidsliv, med små lønsforskjellar og med gjensidig tillit.

Rettane dine

  • Arbeidskontrakt. Du har krav på ein skriftleg arbeidskontrakt. Denne skal innehalde informasjon om arbeidstida di, talet på dagar i veka du skal jobbe, løn og kva som er arbeidsoppgåvene dine.
  • Opplæring. Arbeidsgivar har plikt til å gi deg opplæring slik at du kan gjere jobben din. Du skal ha løn under opplæringa. Her skal du òg lære om helse, miljø og sikkerheit.
  • Lønsslipp. Det er vanleg å få utbetalt løn på ein fast dato éin gong i månaden. Nettoløna blir sett rett inn på bankkontoen til arbeidstakaren. Arbeidsgivar pliktar å gi deg ein lønsslipp. Han skal vise kor mykje du har tent, og kor mykje du er trekt i skatt. Når du betaler skatt, bidreg du til fellesskapet og får rettar som ferie, sjukepengar, uføretrygd, sluttattest og pensjon.
  • Pause. Viss du jobbar åtte timar, har du rett på minst ein halvtime pause. Viss du jobbar slik at du ikkje kan dra frå arbeidsplassen i pausen, skal du ha betalt pause. Du har rett til minst ein kvilepause viss du jobbar meir enn fem og ein halv time om dagen.
  • Ferie. Har du jobba eit arbeidsår, har du rett til fire veker og ein dag ferie. Mange arbeidsplassar har ein tariffavtale som seier at dei skal ha fem veker ferie. Det er vanleg å få utbetalt feriepengar i juni. Når du har ferie, får du ikkje løn, men du får feriepengar.
  • Foreldrepengar. Når du får barn, kan du få foreldrepengar. Foreldrepengane får du i permisjonen. For å få foreldrepengar må du ha hatt inntekt i seks av dei ti siste månadene, og du må ha tent minst 50 676 kr det siste året.
  • Sluttattest. Arbeidsgivaren din har plikt til å gi deg ein skriftleg attest når du sluttar i jobben. Her skal det stå kor lenge du har jobba på arbeidsplassen, og kva arbeidsoppgåver du har gjort.
Mann held for nase og munn med eit papirtørkle. Han knip auga saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du blir sjuk

For å ha rett til sjukepengar må du ha jobba minst fire veker. Dei to første månadene i ny jobb må du ha sjukemelding frå lege viss du blir sjuk. Etter to månader kan du melde frå sjølv viss du blir sjuk, og du kan då vere borte i tre dagar. Dette kallar vi eigenmelding. Du kan nytte eigenmelding fire gonger i løpet av tolv månader. Nokre arbeidsplassar har betre avtalar. Du må sjekke kva avtalar som gjeld på arbeidsplassen din.

Det er viktig at du gir beskjed til arbeidsgivaren din så fort som mogleg når du er sjuk. Det er spesielt viktig viss dei må få tak i ein vikar. Det er tilrådd at du ringjer for å seie ifrå, for då er du heilt sikker på at beskjeden kjem fram. Du kan ikkje vere sikker på at ein SMS eller e-post blir lesen. Det er lurt å snakke med sjefen om korleis du skal gi beskjed når du er sjuk.

Oppseiing

Når nokon sluttar i jobben, bruker vi ordet oppseiing. Det kan vere fleire grunnar til oppseiing. Du kan seie opp jobben fordi du har fått ein annan jobb, eller arbeidsgivar kan seie deg opp til dømes viss økonomien i bedrifta har vorte veldig dårleg.

I arbeidskontrakten som du underskreiv ved tilsetjing, vil det òg stå kor lang oppseiingstida er. Ho er ofte mellom ein og tre månader. Oppseiingstid er den tida du jobbar etter at du eller arbeidsgivar har levert ei skriftleg oppseiing.

For å kunne seie opp ein tilsett må arbeidsgivaren din ha ein sakleg grunn. Det kan handle om økonomi, nedbemanning eller omstilling i bedrifta. Du kan ikkje bli sagd opp fordi sjefen ikkje liker deg, eller fordi du er gravid. Viss du derimot bryt arbeidskontrakten, kan du bli sagd opp.

Uansett kva som er grunnen til oppseiinga, skal du jobbe ut oppseiingstida. Unntaket er dersom du gjer noko veldig alvorleg, då kan du miste jobben på dagen. Det kan til dømes vere at du er ruspåverka på jobb, eller viss du stel frå arbeidsplassen.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det at du som arbeidstakar har arbeidsplikt?
  2. Kvifor er det naudsynt at arbeidstakarar er lojale overfor bedrifta dei jobbar i?
  3. Kva rettar i arbeidslivet synest du det er spesielt viktig at vi har? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Samarbeidet mellom arbeidstakarane, arbeidsgivarane og og staten blir kalla trepartssamarbeidet.

Som arbeidstakar kan du bli medlem i ei fagforeining som skal hjelpe deg å ta vare på rettane dine som arbeidstakar.

Kjelder

Codex Advokat & Arbeidsrettsadvokater.no. (2019). Arbeidstakers plikter og opptreden på jobb. https://www.arbeidsrettsadvokater.no/ansettelse/arbeidstakers-opptreden-paa-jobb/

LO Norge. (2020). Jobbhåndboka. https://www.lo.no/globalassets/dokumenter/lo-jobbhandbok-2020_enkeltsider_nett.PDF

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2020