Hopp til innhald

Ulike vurderingsformer

Skriftlege innleveringar og munnlege framføringar er vanlege vurderingsformer i skulen. Ved å variere metodar og verktøy kan du forenkle vurderingsarbeidet og spare tid. Elevane vil òg setje pris på moglegheita til å vise kompetansen sin på fleire måtar.
Karakteren 5+ og teksten "se kommentar i teksten, ellers flott arbeid". Foto.

Fagsamtalar

Elevane førebur seg på eit tema. Det kan vere lurt å gi både teori og tekstar dei kan nytte teorien på, som førebuingsstoff. Sjølve gjennomføringa kan gjerast på ulike måtar. Vi har nokre tips:

  • Set saman små grupper på maks fire elevar.
  • La like elevtypar vere på same gruppe.
  • Gi kvar elev nokre minutt i starten til å snakke om tema, gjerne eit spørsmål eller vinkling du har gitt dei på førehand.
  • La elevane kommentere og diskutere temaet fritt.
  • Ver ordstyrar om det trengst, slik at alle får sleppe til.
  • Noter undervegs og sett karakter for deg sjølv med ein gong, for det er nesten umogleg å hugse i etterkant.
  • Det går òg an å ta opp fagsamtalen om du vil høyre gjennom han ein gong til når du skal gi grunngivingar.

Tips: Slike fagsamtalar fungerer òg godt i ulike videoverktøy, som Teams.

Podkastar

Podkast som vurderingssituasjon er fint for både lærar og elev. Som lærar kan du høyre på podkasten og skrive tilbakemeldingar undervegs. Du kan òg høyre han fleire gonger om du er uviss på karaktersetjing.

Elevane er vanlegvis litt nervøse når dei skal ha foredrag eller fagsamtalar. Men når dei går saman med andre om å spele inn ein podkast, vil gjerne nervøsiteten forsvinne. Dei veit jo at dei kan forbetre seg ved å slette dårlege bidrag og spele inn på nytt. Det er heller ingen som ser på eller vurderer dei i den augneblinken dei opnar munnen.

Digitale presentasjonar og undervisningsfilmar

Det blir sagt at du først kan noko når du kan forklare det til andre. Derfor er det mykje god læring for elevane i å lage presentasjonar og filmar der dei tek for seg eit avgrensa norskfagleg tema. Målgruppa skal vere medelevar.

Som i andre vurderingssituasjonar vurderer du fagleg innhald, sjølvstende, refleksjon og kjeldebruk. I nokre fag kan òg bilet- og stemmebruk vere ein del av vurderingsgrunnlaget.

Fordelen med slike innleveringar, til liks med podkastar, er at du kan sjå gjennom fleire gonger når du vurderer, og du treng ikkje bruke av undervisningstida til framføringar. Elevane kan òg få moglegheit til å levere ein ny versjon av presentasjonen eller filmen etter at du har gitt dei respons.

Skriving i alle fag

Det er viktig at elevane får trening i akademisk skriving i fleire fag. Det er du som fagperson i faget ditt som best kan rettleie elevane i kva som blir kravd for å forklare eit tema innan til dømes samfunnskunnskap eller naturfag.

Dei fleste knyter revisjonsarbeid til språkfaga, men læringsutbyttet blir betre om elevane får framovermeldingar og moglegheita til å levere ein tekst inn fleire gonger. Vi har nokre tips til korleis du kan forenkle vurderingsarbeidet:

Munnleg respons på skriftleg tekst

I klasserommet

Gi framovermeldingar medan elevane skriv. Les delar av teksten, det kan vere disposisjonen eller eit avsnitt eller to. Her fangar du òg fort opp om det er noko fleire elevar har problem med som du kan ta opp i plenum.

Innlesne kommentarar

Bruk verktøy der du kan vise på skjerm og lese inn ein kommentar samtidig. Mange elevar liker å høyre læraren forklare. Ei stemme verkar gjerne meir vennleg enn ei kort skriftleg tilbakemelding.

Litt om gongen

I staden for å ta inn tekstane til alle elevane etter ei skriveøkt, kan du velje ut til dømes åtte elevar som skal levere inn tekstane sine. Det er mykje meir overkommeleg å gi gode tilbakemeldingar til åtte elevar enn tretti. Så kan du heller gi tilbakemeldingar til åtte nye elevar i neste skriveøkt.

Mappevurdering

Når du bruker mappevurdering, får elevane fleire vurderingssituasjonar undervegs i skuleåret, og då helst karakterfrie. Mappa kan innehalde alle typar arbeid som kan vurderast. Ved terminslutt vel elevane ut nokon arbeid som dei vil ha sluttvurdering på. Desse arbeida kan dei omarbeide og forbetre heilt fram til fristen du gir.

Karakterfri, formativ vurdering

Ved å berre gi framovermeldingar på arbeida undervegs, utan karakter, blir merksemda dreidd mot kva eleven kan forbetre. Elevar som ikkje er vane til slik vurdering, kan i starten vere uvisse på kvar dei ligg an fagleg. Gi derfor alltid eit tilbod om å snakke om måloppnåing viss dei treng det. Eit godt råd er å unngå å gi eksakte karakterar, men heller angi nivå. Det er òg lurt å heile tida halde fram kva eleven må gjere for å nå målet hen har sett seg.

Vurdering av mappe

Korleis skal du unngå å drukne i vurderingsarbeid når du bruker mappevurdering? Vi har nokre tips:

I startfasen:

  • Gi munnlege framovermeldingar når dei jobbar på skulen.
  • Elevane kan òg samarbeide i idéfasen og gi kvarandre tilbakemeldingar undervegs.

Undervegs:

  • Be elevane om å levere ei eigenvurdering til kvar innlevering og ta utgangspunkt i ho når du kommenterer.
  • Legg inn kommentarar direkte i tekst eller spel inn lydkommentar til arbeidet dei har levert. Dette kan delast med eleven i læringsplattforma dei leverer arbeidet i.
  • Vel ut dei viktigaste forbetringspunkta når du kommenterer. Jo høgare måloppnåing eleven siktar mot, jo meir detaljert kan du vere.
  • Skriv eller les inn ein kort sluttkommentar som samanfattar det eleven har fått til og det eleven må jobbe vidare med. Desse kommentarane er fine utgangspunkt for ein fagsamtale med eleven i løpet av terminen, og når du skal gjere den summative vurderinga av mappa.

Når mappe er levert:

  • Elevane leverer ei eigenvurdering saman med arbeida dei vil ha sluttvurdering på: Kva dei føler dei har fått til, kva dei synest har vore vanskeleg.
  • Start med å sjå på kva du har kommentert tidlegare. Sjekk om eleven har tatt til seg framovermeldingane og forbetra arbeida sine. Er det små endringar, eller er dei omfattande?
  • Sjå på heilskapen: På kva nivå er kompetansen til eleven i faget akkurat no? Sett karakter ut frå det.
  • Sjå på elevane si eigenvurdering. Ofte treffer dei godt på eigne evner. Ta utgangspunkt i det eleven skriv når du skriv sluttvurderinga i neste punkt.

  • Skriv ei grunngiving for karakteren du set på heile vurderingsmappa. Du treng ikkje skrive ein kommentar på kvart arbeid. Den har dei fått undervegs i skuleåret. Igjen: Tilby elevar ein fagsamtale om dei ønskjer ei nærare grunngiving for karakteren.

Hugs tydelege vurderingskriterium

Det er viktig at elevane kjenner til kva som blir vurdert i kvar enkelt innlevering, heilt uavhengig av vurderingsforma. Både elevane sine eigenvurderingar, framovermeldingane dine og sluttvurderingar bør ta utgangspunkt i vurderingskriteria som er gitt i oppgåveteksten. Vurderingskriteria blir knytte til kompetansemål i faget.

Relatert innhald

Mappevurdering som opplæringsform er ei tilnærming til elevvurdering i skulen som styrkjer forståinga til elevane for eiga læring.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.08.2020