Hopp til innhald

Ekstremisme og terrorisme

Kva er ekstremisme og terrorisme? Korleis blir nokon ein valdeleg ekstremist? Og kva førebyggjer radikalisering? Denne artikkelen prøver å gi svar på spørsmåla og styrkje forståinga av årsakene til radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Ein øydelagd bil, øydelagde bygningar og omgivnadar etter sjølvmordsbombing i Kabul, Afghanistan i 2019. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ekstremisme?

Ekstremisme er ytterleggåande førestillingar eller handlingar der vald blir sett på som eit akseptabelt middel for å tvinge igjennom dramatiske samfunnsendringar og oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål.

Ekstremismen kan komme av ei ekstrem verkelegheitsforståing eller ei ekstrem moralforståing. Det blir kalla ekstremisme først når verkelegheitsforståinga eller moralforståinga bidreg til å akseptere valdsbruk. Ein ekstremist aksepterer bruk av vald for å oppnå bestemde mål, men tek ikkje nødvendigvis i bruk vald sjølv.

Valdeleg ekstremisme varierer i ideologi og valdsmetodar.

I Noreg har det vorte vanleg å skilje mellom tre kategoriar av ekstremistiske tankar og rørsler:

  1. høgreekstremisme
  2. islamistisk ekstremisme
  3. venstreekstremisme

Dei tre kategoriane av ekstremisme kan deretter knytast til meir konkrete ideologiar, det vil seie spesielle tankesett om korleis samfunnet er og bør vere. Ideologiane vektlegg bestemde mål, slik som nazismen i Hitler-Tyskland hadde jødeutrydding som eit mål. Ideologiane kan òg fokusere på bestemde valdsmetodar. Terrorisme er eit døme på ein valdsmetode som fleire valdelege ekstremistiske ideologiar ser på som akseptabel.

Kva er terrorisme?

Ein tildekt mann med våpenbelte og IS-flagg ein stad i ørkenen i Irak eller Syria. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Terrorisme er ein illegal valdsmetode og ei form for valdeleg ekstremisme. FNs medlemsland har ikkje klart å bli samde om ein klar definisjon på terrorisme. Sidan 2002 har det føregått forhandlingar om etableringa av ein konvensjon som forbyr terrorisme.

I utkastet til denne konvensjonen handlar terrorisme om intensjonelle, ulovlege og skadelege handlingar der målet er "å skremme ei befolkning, eller tvinge ei regjering eller ein internasjonal organisasjon til å gjere eller avstå frå bestemde handlingar." .

Usemja rundt denne definisjonen dreier seg spesielt om to ting: 1) om definisjonen inkluderer statar, i tillegg til ikkje statlege aktørar, og 2) om definisjonen kan ramme frigjeringsrørsler som har rett til sjølvstyre og rett til å gjere valdeleg motstand mot okkupasjon.

Årsaker til radikalisering og valdeleg ekstremisme

Orda radikalisering blir her brukt om endringsprosessen ein person gjennomgår når han blir ekstremist. Spørsmålet om årsakene til valdeleg ekstremisme handlar då om kva som gjer at ein person blir radikalisert.

Det finst ikkje éi enkel forklaring på kvifor ein person blir radikalisert og blir ein valdeleg ekstremist. Årsaka til radikaliseringa kan variere veldig. Likevel er det ofte bestemde drivkrefter eller motivasjonsfaktorar som forårsakar radikaliseringa. Desse kan delast inn i fire kategoriar:

  1. Søken etter tilhøyrsle og tryggleik – ekstremistar som blir drivne av eit ønske om tilhøyrsle, vennskap og vern.
  2. Idealisme og urettferd – ekstremistar som blir drivne av politiske og ideologiske mål og engasjerer seg på grunn av andre sine lidingar.
  3. Sosial frustrasjon – ekstremistar som blir drivne av eit oppgjer med ei vond fortid eller livssituasjon og som kan ha erfart vald, diskriminering og rusmisbruk.
  4. Søken etter spenning eller meining i livet – ekstremistar som blir drivne av fantasiar om å vere ein helt som kjempar valdeleg for det "gode" mot det "vonde".

Korleis førebyggje?

Sidan radikalisering kan ha mange årsaker, vil førebygging kunne skje på mange ulike vis. For dei som blir radikaliserte av ein søken etter tilhøyrsle og tryggleik, er det viktig at dei kan finne alternative vennekrinsar og alternative fellesskap enn dei ekstremistiske miljøa. Det handlar om å skape eit inkluderande samfunn der det er rom for forskjell og kor andre sin gruppeidentitet ikkje blir opplevd som truande.

For dei som blir radikaliserte av idealisme og kjensla av urettferd, kan det vere mogleg å gå i dialog om dei politiske sakene dei er opptekne av. Gjennom dialog og møte haldningane og meiningane til kvarandre ved aktivt å lytte til den andre, kan ein bryte ned fordommar og skape forståing på tvers av forskjell. Sjølv om ein ikkje er samde, vil ein kunne oppleve å bli sett og høyrt, noko som kan hindre vidare radikalisering. Eventuelt at ein kan utfordre ideologien deira på ein måte som gjer han mindre tiltrekkjande.

For dei som blir radikaliserte av sosial frustrasjon og sinne, kan betre integrering i samfunnet og arbeidslivet vere eit viktig førebyggjande tiltak. Det kan minske frustrasjonen og gjere at dei vel bort dei kriminelle miljøa og aktivitetane som bidreg til auka radikalisering.

Sidan sosialt samhald er ei sterkare drivkraft for radikalisering enn ideologi, speler òg sosialt samhald den viktigaste rolla i vegen ut av ekstremismen, og vennskap og tilhøyrsle i andre miljø blir løysinga.

Elles er det viktig å ha eit statssystem som kjempar mot fattigdom, arbeidsløyse, korrupsjon og diskriminering, slik at enkeltpersonar ikkje fell utanfor og mistar tilliten til samfunnet eit bor i. Meir generelt er det viktig at staten bryt minst mogleg menneskerettar, både i eige og andre sitt land.

CC BY-NC-SASkrive av FN-sambandet. Rettshavar: FN-sambandet
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020