Hopp til innhald

Fagfornyinga i medium og kommunikasjon på NDLA

Faga mediesamfunnet 1, 2 og 3 og medieuttrykk 1, 2 og 3 er fornya etter det nye læreplanverket LK20. Overordna del legg tydelegare føringar, og vi tek omsyn til tverrfaglege tema, kjerneelement og ferdigheiter slik dei står beskrivne i læreplanane for faga.
Grafitti av ein pressemann som bruker eit videokamera til å skyte ei avis på ein dresskledd mann. Foto.

Overordna del og revisjon av oppgåver

Når vi har revidert faga mediesamfunnet og medieuttrykk, har vi spesielt retta merksemda mot arbeid med oppgåver. Fagfornyinga vektlegg aktive elevar, og vi har særleg jobba med å få til ein variasjon i elevaktiviserande oppgåver.

Samarbeid, kreativitet, kritisk tenking og utforsking har vore andre leieomgrep vi har brukt i arbeidet med oppgåver.

Samtidig har det vore viktig å behalde og foredle typiske oppgåver for mediefag. Dei handlar særleg om produksjon, vurdering av eigne og andre sine medieuttrykk, refleksjon over eigne arbeidsprosessar og førebuing til eksterne oppdrag.

Vi bruker kjerneelementa for å sikre gjennomgåande fokus på læringsaktivitetane som dekkjer dei ulike kompetansemåla.

Tverrfaglege tema

I den nye læreplanen for mediesamfunnet finn vi alle dei tre tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling.

Læreplanen for medieuttrykk nemner berre demokrati og medborgarskap. I arbeidet vårt har vi likevel valt å behalde fokus på alle dei tre tverrfaglege temaa òg i medieuttrykk.

Fagredaksjonane i NDLA har samarbeidd om å lage ressursar for dei tverrfaglege temaa i læreplanen.

Emne i faga

Emneinndelinga i faga tek utgangspunkt i kompetansemål, men òg kjerneelement, ferdigheiter og/eller tverrfaglege tema har definert emne.

Sidan nokre kompetansemål er overlappande i mediesamfunnet og medieuttrykk, har vi òg valt å byggje enkelte felles emne på tvers av desse to faga. Fagartiklar og oppgåver som er relevante i fleire samanhengar, er dessutan lagde i fleire emne.

Generell støtte til læringsarbeidet

I "Verktøykassa" finn du fagovergripande ressursar som støttar elevar og lærarar i læringsarbeidet.

NDLA: Verktøykassa – for elev
NDLA: Verktøykassa – for lærar

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020