Hopp til innhald

Kjelde: Utdrag frå Trondhjems Byfogds Bytingprotokoll 1807

bytingsprotokoll 1807 Karen Olsdatter
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1800 var det å føde utanfor ekteskap forbunde med stor skam. Denne kjelda er frå Trondhjems Byfogds Bytingsprotokoll i 1807 og handlar om Karen Olsdatter.

Same tekst som frå protokollen, transkribert

"Aar 1807 den 18 Februar blev en Extra Bytingsret holdt af Hr: Auditør og Byfoged Udbye, samt Hr: Cancellisecretær Tomerup, i Overværelse af Laugrettsmændene Ole Fanarem og Knud Gouprør.-"

"Byfogeden fremlagede Huusmand Ole Poulsen Juulstads til Stiftet indgivne Anmeldelse, dat: 17de d: M:, om det af Pigen Karen Jonsdr Olsdr: mistænkelige Forhold med handes 1 1/2 Aars gamle Barns Borteblivelse.- ... Af de i den Anledning indvarselde Personer mødte Anklagedes Huusbond Guldsmed Knud Møller og hendes Søster Malenda Olsdr: tienende hos Prost Wille.-#

"Den Anklagede Karen Olsdr"

Heile teksten delvis omsett til moderne norsk

År 1807 den 18 Februar vart det halde ein ekstra Bytingsrett av Herr Auditør og Byfogd Udbye, samt Herr Cancelliesekretær Tomerup, i Overværing av Laugrettsmenna Ole Fanarem og Knud Gouprør. –”

Byfogden har ifølgje Ordre frå Stiftet funne det naudsynt å setje anklaga Karen Olsdatter i varetekt under Rådstova, og stilt for Retten utan band og handjarn. - Ho forklarte på tilspørjing følgjande: at ho var 19 år gamal, fødd på Røros av foreldra far: Ole Gulykstad og mor Ragnhild Andersdatter. - I sitt 8. år vart ho sett bort hjå ulike folk i nærleiken av Røros, dels som gjetarbarn og dels som tenestepike, inntil sitt 13. år, då ho kom i teneste hjå Gullsmed Engelbret Møller der ho arbeidde i 2 år, og hjå sonen Gullsmed Knut Møller i ½ år. Deretter arbeidde ho hjå Organist Lindemann i 2 år og etter det hjå tidlegare nemnte Knut Møller inntil denne dag. –”

"Heime hjå foreldra sine lærte ho kristendomen sin, og i sitt 13. år vart ho konfirmert på Røros. - Ho gjekk til nattverd i fjor vår i Vår Frues Kirke her i Byen. –”

I forhøyret forklarte ho at ho for omlag 3 år sidan vart gjort gravid av ein Matros ved namnet Torgeir Iversen, som no skal vere død. Etter svangerskapet fødde ho ei jente, som i året 1805 vart døypt i Trondhiems Domkirke. 3 veker etter dåpen til barnet plasserte ho pikebarnet sitt som fosterbarn med årleg betaling til Husmann Ole Poulsen Juulstad, på Baker Heldahls Avlsgård i Strindens Prestegjeld, der barnet vart til åtte dagar før jul.

Forhøyr: ein måndag kveld, klokka om lag 5 til 6, henta ho sjølv pikebarnet på grunn av at barnet truleg var sjukt og ikkje hadde det godt hjå fosterforeldra. Ho tok sjølv barnet og bar det til Ole Poulsen Juulstads kone Brynhild Nielsdatter og sa ifrå om omstenda. Brynhild Nielsdatter følgde henne til Bakklandet, der ho gjekk frå henne. –”

Så bar Karen barnet åleine inntil ho kom på Bybrua, der ein bonde som ho ikkje kjende kom køyrande så fort, at både ho og barnet fall over ende, og barnet dumpa ut av hendene hennar og ut over brua og ned i elva. I forskrekkinga over hendinga sprang ho straks til Bruallmenningen og vakta der, for å få hjelp til å redde barnet, men ho svimte straks av der. Ho kan ikkje hugse kor lenge ho låg avsvimt der. Då ho kom til seg sjølv igjen gjekk ho lenge, ho torde ikkje fortelje noko menneske om hendinga i frykt for å bli mistenkt for at ho hadde drept barnet sitt sjølv...
Etter kvart gjekk ho heim til arbeidsgjevaren sin Gullsmed Knud Møller, utan å fortelje han eller nokon annan om hendinga.

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017