Hopp til innhald

Giftmorda i Øyestad 1769 - historisk kjelde

Under ser du ei historisk kjelde frå 1700-talet. Det er ei side frå fengselsprotokollen for Christiania Tukthus frå 1771.

Fangeprotokoll Christiania Tukthus, foto av kilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gamle kjelder kan vere vanskelege å tyde. Dette fordi vi i perioden frå 1500 til ca. 1850 skreiv med gotisk handskrift, medan vi i dag brukar det latinske alfabetet. Bokstavane i den gotiske handskrifta er ganske annleis enn dei latinske, og ein må difor gå på kurs for å kunne tyde skrifta.

Heldigvis for oss brukte dei latinske bokstavar når dei ville framheve delar av ein tekst, som til dømes namn. På same måte som vi i dag brukar blokkbokstavar når vi ønskjer å framheve noko. Dette gjer det enklare for oss i dag når vi skal finne fram til informasjon om einskildpersonar i kjeldene.

Ta ein kikk på kjelda og sjå om du kan finne det som står om Berthe Olsdatter. Greier du å tyde noko av det som står der om henne?

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 27.11.2018