Hopp til innhald

Vitamin B

Vitamin B er nemninga på ei gruppe nærståande vassløyselege vitamin som har kvar sine spesielle funksjonar i kroppen.

Dei ulike funksjonane

Nokre deltek i å frigjere energi frå dei energigivande næringsstoffa, andre er viktige for nerveimpulsane, for å produsere visse hormon og for å utvikle raude blodceller. Vitamin B er også nødvendig for at enzyma skal fungere optimalt, og for å kopiere arvestoffa ved celledeling.

Tiamin – B1

Tiamin – B1 er nødvendig for normal nervefunksjon og for å forbrenne karbohydrat. Dei fleste matvarene vi et, inneheld vitamin B1, særleg korn og kornprodukt. Personar som et lite (spesielt eldre), eller som har eit kosthald som er svært rikt på karbohydrat, kan få i seg for lite vitamin B1. Alkoholikarar er òg ei utsett gruppe ettersom vitamin B1 er nødvendig for at alkoholen skal kunne omsetjast i kroppen.

Riboflavin – B2

Riboflavin – B2 er nødvendig for å frigjere energi i cellene og for å omsetje protein og feittsyrer. Vitaminet er ofte bunde til protein, og dei beste kjeldene til vitamin B2 er mjølk, ost, kjøt og belgfrukter. Vitamin B2 er svært ømtolig for lys, og om lag 40 % av vitaminet går tapt under matlaginga. Mangel på vitamin B2 gir diffuse symptom som sprekker i munnvikane, sår tunge og tørr hud i ansiktet, men mangel på vitamin B2-mangel er svært sjeldan.

Niacin – B3

Niacin – B3 er nødvendig for å bryte ned karbohydrat til glukose, for å omsetje energi og for å byggje opp feittsyrer. Kroppen kan sjølv produsere vitamin B3 frå ei av dei essensielle aminosyrene og er derfor ikkje avhengig av å få vitaminet tilført gjennom kosten.

Folat

Folat er nødvendig for at kroppen skal produsere og omsetje protein, for at raude blodlekamar skal modnast, for at kroppen skal danne DNA, og for at foster skal vekse og utvikle seg normalt. Folat minimerer risikoen for nevralrøyrsdefektar (oftast kjent som ryggmargsbrokk). Sterkt grøne grønsaker, appelsinar og grove kornvarer er gode kjelder til folat. Gravide kvinner og kvinner som planlegg å bli gravide, bør auke inntaket av dette vitaminet. I dei tre første månadane i svangerskapet er det anbefalt å ta folat-tilskot. Det er også viktig at eldre tek tilskot av folat dersom dei har eit einsidig kosthald og røykjer og drikk alkohol.

Vitamin B12

Vitamin B12 må vere til stades når celler skal dele seg, og når arvestoffet skal kopiere seg. Det er også nødvendig med vitamin B12 når kroppen skal danne raude blodceller og halde nervesystemet ved like. Kjøt, lever, mjølk, ost, egg og grøne grønsaker er gode vitamin B12-kjelder, men dette vitaminet blir brukt om att i kroppen, så vi har vanlegvis ikkje behov for å få vitaminet tilført via kosten. Mangel på vitamin B12 rammar først og fremst celletypar som deler seg raskt og ofte, og dette gjeld særleg dei raude blodcellene. Blodmangel er derfor den viktigaste følgja av vitamin B12-mangel. Karakteristiske symptom er at ein blir bleik, har dårleg matlyst, får andenød og går ned i vekt. Ein kan òg få skadar på nervesystemet som følgje av vitamin B12-mangel, og desse skadane kan blant anna føre til depresjonar og ustø gonge.