Hopp til innhald

Vitamin C

Vitamin C (askorbinsyre) har ei viktig rolle i oppbygginga og vedlikehaldet av bindevevet i kroppen.
C-vitaminrike matvarer som sitrusfrukter, kiwi, tomat, potet, brokkoli, rosenkål, paprika og bær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange tek store dosar vitamin C (1–2 gram per dag) for å førebyggje eller kurere forkjøling. Effekten av slike kurar er likevel liten og svært omdiskutert, og dei høge dosane kan forårsake nyrestein og diaré.

Vi kan ikkje lagre store mengder vitamin C i kroppen, men viss vi tek mykje vitamin C over lengre tid, kan det føre til for høge jernnivå. Vitaminet aukar nemleg jernopptaket i kroppen.

Vitamin C er ustabilt i vassløysning og blir lett øydelagt av oksygen, lys, jern og kopar. Når vi lagar mat, forsvinn derfor mellom 50 og 100 prosent av dette vitaminet. Matvarer som inneheld mykje vitamin C, toler ikkje å bli lagra over lengre tid. Dei bør òg dekkast til når dei er oppdelte, sidan oksygenet i lufta fører til ytterlegare vitamintap.

Mangel

Alvorleg mangel på vitamin C kan føre til sjukdommen skjørbuk. Symptom på skjørbuk er at ein blir slapp, at tannkjøtet hovnar opp og blør, at ein får blødingar under huda, og at sår gror dårleg. Utan behandling vil ein kunne døy. Dersom barn får skjørbuk, kan sjukdommen i tillegg hemme veksten og forårsake at skjelettet blir deformert. Tidlegare var skjørbuk ei vanleg dødsårsak blant sjøfolk som var ute på lengre reiser utan tilgang på frukt og grønsaker. I dag er skjørbuk ein sjeldan sjukdom i alle delar av verda.

Kjelder til vitamin C

Vitamin C finst i poteter, grønsaker, bær og frukt, særleg sitrusfrukter.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Bønes og Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019