Hopp til innhald

Kjent igjen på Gardermoen

Passkontroll på Gardermoen
Opne bilete i eit nytt vindauge

EasyPass

Sidan i sommar har to ID-maskiner stått klare på den delen av utanlandsterminalen ved Gardermoen som blir kalla Non-Schengen. Hit fører ein alle passasjerar som har floge frå eit land utanfor dei 26 medlemslanda i Schengenavtalen.

Systemet, som blir kalla EasyPass i Noreg – og òg går under namna «e-gate» og «Automatic Border Control» (ABC) – er ei sjølvbetent passkontrolløysing.

Ansiktsgjenkjenning er det biometriske verktøyet til teknologien. Det betyr enkelt og greitt at passbiletet blir samanlikna med ansiktet som står framfor kameraet på maskina. Systemet sjekkar òg eventuelle lagra opplysingar om passasjeren.

Norske statsborgarar først

I første omgang er det berre norske statsborgarar som kan nytte seg av ansiktsgjenkjennarane, opplyser rådgjevar Johan Østby i Politidirektoratet.

– Dette er tiltak vi prøver ut for å oppnå ein enda meir effektiv grensekontroll, og det er første gong passasjerar blir grensekontrollert på denne måten her i Noreg.

Ansiktsgjenkjenning blir allereie brukt på nokre andre flyplassar rundt om i verda, men Gardermoen er tidlegare ute enn eksempelvis Kastrup i København og Arlanda i Stockholm, fortel Østby.

Mindre kø, meir sikkert

For å kunne velje EasyPass på Gardermoen må du ha eit elektronisk pass, òg kalla e-pass eller pass med biometri. Det vart innført som standard i Noreg i 2005.

Poenget med sjølvbetent passkontroll er at det skal gå raskare å kome inn i landet. Det blir mindre kø i kontrollen, rett og slett. Dessutan er ei velfungerande maskin sikrare. Ho gjer ikkje menneskelege feil, og blir heller aldri sliten.

– Vi er naturlegvis spente på om desse maskinene verkar som dei skal – at dei stoppar dei som skal sjekkast grundigare, og lèt resten passere. I oppstartsfasen har vi teke høgd for at det kan skje ting vi ikkje hadde føresett. Det er bra bemanna med grensekontrollørar, og vi har dessutan tekniske fagfolk på plass, fortel Joki.

Grensekontrollørane skal òg rettleie og overvake dei som går gjennom ansiktsgjenkjennarane. Og dersom det er nokon som ikkje kjem gjennom, for eksempel på grunn av feil med maskina eller passet, tek kontrolløren ein manuell kontroll.

– Eitt av måla med e-gatane er at grensekontrollørane skal bruke mindre tid på å sjekke pass og meir tid på andre oppgåver. Det er jo sjeldan problem med norske flypassasjerar som kjem heim frå eit utanlandsopphald. Då kan kontrollørane bruke ressursane på dei som har visumpapir eller som må sjekkast meir nøye av andre årsaker. Det kjem til å bli kortare køar for alle reisande. Flyplassen og flyselskapa kjem òg til å nyte godt av raskare grensekontrollar, understrekar Johan Østby.

CC BY-NC-SASkrive av Bjørn Hugo Pettersen. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017