Hopp til innhald

Faguttrykk: matindustrien

Her finn du forklaring på ein del ord og uttrykk som blir brukt i matindustrien.
Ein fagarbeidar på eit meieri står ved ein maskin som emballerer ost. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

B

batch
produksjonsserie av eit produkt

D

dosere
å porsjonere ut visse mengder

E

emballasje
innpakning
emulgator
dannar eit lag mellom stoff som fråstøyter kvarandre

F

flytskjema
viser gongen i ein produksjonsprosess frå råvare til ferdig produkt
functional food
matvare med helsefremmande eller sjukdomsførebyggande effekt

H

homogenisering
prosess der til dømes feittpartiklar i mjølk blir delte i mindre partiklar ved hjelp av trykk

P

pasteurisering
varmebehandling over ei gitt tid. Standarden er 72 gradar i 15 sekund.
produksjonsserie
å produsere ei bestemd mengde av same produkt
produkt
det du sit igjen med etter avslutta prosess – den ferdige vara
produsere
å lage eit produkt
prosess
det som skjer med råvara på vegen til ferdig produkt

R

resept
oppskrift
råvare
ingrediens som blir brukt i eit produkt

S

skift
arbeidsperiode i produksjonen, ofte fleire skift: dag, kveld
sporbarheit
system som gjer at bedrifta kan finne tilbake til dato og tid for produksjon, kva produksjonsanlegg som har produsert produktet, kva produksjonsserie og produksjonslinje vara kjem frå, og kven som har hatt ansvar for produksjonen

U

UHT-behandling
Ultra High Temperature, varmebehandling ved til dømes 130 gradar i 30 sekund

V

viskositet
eit mål på kor tjuktflytande noko er
CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022