Hopp til innhold

Litterære tekster

"Riv skiten" – retorisk analyse

Denne analysen av Johan Harstads tekst "Riv skiten" er skrevet av en VG3-elev ved Arendal videregående skole.

Klimakampen og dei mange freistingane

No til dags er det få saker som får like mykje merksemd som klimakampen. Politikarar, skoleelevar, besteforeldre, kollegaer og mannen i gata, alle har dei ei meining om den klimatrusselen me står overfor. Klimadebatten rasar som aldri før, men trass endelause tiltak, trass FNs nyaste avtale om felles arbeid for å minske klimagassutslepp, trass alle pappsugerøyra i heile verda så er det ikkje mykje som tyder på at endringa er betydeleg nok. Kjem verda til å gå under ein dag på grunn av overforbruket vårt? Kjem sydenferien til Gran Canaria til å bety ekstremver for oldebarna mine? Kor mykje er me villige til å ofre for noko som uansett er så usikkert som framtida? Det kan vere vanskeleg å vite kor ein står i ein slik debatt, og enda vanskelegare å vite kva ein skal tru. Det er nok fleire som føler at kampen er håplaus, deriblant forfattaren Johan Harstad, som i 2020 drøymer seg bort, der han er på randen til å gje opp.

«... finnes det ikke også noe vakkert i å gi opp, se himmelen brenne og akseptere at ingenting varer evig?» lurer Johan Harstad på i sitt personlege klimakamp-innlegg. Harstads tekst «Riv skiten» er publisert på nettsida Forfatternes klimaaksjon og er eit originalt og kjensleladd innlegg med grobotn i røyndomen. Den retoriske situasjonen har nemleg utgangspunkt i det 21. hundreårets viktigaste debatt, klimakampen. «Politisk korrekt» er eit gjentakande motiv i teksten. Det same er Harstads hån mot alle dei som deltek i «vindmøllekampen mot idiotiet». Sjølv er han ikkje redd for å seie det han meiner om både det eine og det andre og skriv såleis ein tekst som skil seg ut i mengda. For medan dei fleste andre tek miljøsida frå start, er ikkje Harstad like tydeleg på om dei fåfengde forsøka på å kjempe mot naturen, er verdt strevet.

Hovudsynet i meiningsytringa er komplekst og indirekte fortald. Gjennom heile innlegget er Harstad krass og «politisk ukorrekt», og han skriv utelukkande om alle dei u-klimavennlege tiltaka han drøymer om å setje i verk. Mellom anna ønskjer han å «manipulere alle aktive vulkaner til de mest fantastiske utbrudd og pumpe den satans atmosfæren så full av CO2 at den revner til slutt (...)», eit ordval som gjer eit klart innblikk i sinnsstemninga til forfattaren. Ved bruk av banneord og eit særs stort engasjement skriv han frå levra, og fram til siste slutt kan det verke som om Harstad har eit suicidalt blikk på tilværet.

Likevel endrar denne vinklinga seg mot slutten, og med to enkle setningar snur han heile situasjonen på hovudet: «Og så kommer min datter inn i rommet. Stille, skamfullt bærer jeg ut mine grønne og blå poser» Slik endar innlegget i ein blanda patos- og logoappell, der Harstad plutseleg, etter banelange ytringar om miljøhat og motsett klimakamp, trekker inn eit av dei sterkaste argumenta for å kjempe mot global oppvarming, nemleg barna. All logikk og foreldreinstinkt tilseier at barna skal ha det godt og ikkje vekse opp i «katastrofer hinsides all fatteevne». Hovudsynet blir slik formulert i ein skjult argumentasjon, med sterk kjensleappell til alle mamma- og pappahjarte der ute, som meir enn noko anna vil sjå barna sine leve i gode omgjevnadar. Uansett kor vanskeleg klimakampen kan verke, må me ikkje gje opp – for barna våre.

Eit gjennomgåande verkemiddel i Harstads tekst er bruken av retoriske spørsmål. Forfattaren opnar innlegget med eit direkte spørsmål til lesaren, der han lurar på om ikkje det hadde vore til det beste å berre gi slepp og la det fare, og «se himmelen mørkne fra bak sotede ruter i biler på tomgang (...)» Slik skriv Harstad direkte til lesaren gjennom heile teksten, og stiller oss alle til veggs for det han meiner er våre etterlengta lyster; «Vil det ikke, i ærlighetens navn, være en velsignelse når den siste, vrangsinnede og kopulasjonsmotvillige pandaen er skutt i pannen?» På denne måten kombinerer han dei retoriske spørsmåla med sarkasme og overdriving, og uttrykker sin frustrasjon over alle dei moralske problemstillingane. Han romantiserer katastrofale miljøendringar, som til dømes plasten i havet, og vender seg til lesarane i ein humorappell. Med eit komisk blikk på situasjonen spør han om det ikkje skal bli godt når «noen allerede har blitt applaudert og jublet frem til målstreken som det første mennesket som krysset den engelske kanal tørrskodd, jeg hadde nær sagt plastskodd (...)» Her mestrer Harstad både ironi, overdriving og humor, noko som gir ein vellykka patosappell.

For å underbyggje sinnsstemninga i innlegget, brukar Harstad ein spesiell skrivestil. Frå start byrjar han med eit spørsmål som nærmast inga ending tek, og heile den fyrste delen er ei einaste lang setning. Skrivestilen er som en flaum av ord, der han ramsar opp alle politiske ukorrekte referansar han kjem på; «Whiskey tatt fra isbreer» og «elver av palmeolje». Samtidig brukar Harstad avanserte formuleringar og u-daglegdagse ord for å beskrive den frustrerande situasjonen, og slik gjer han det utfordrande for lesaren å henge med. «Redwoodskogene», «ibenholt», «real-time-surroundlyden» og «kataklysmisk utslippskatastrofe» er døme på uttrykk han tek i bruk i innlegget sitt. Kombinasjonen av form og innhald skapar med dette ei kjensle av ein kaotisk situasjon og underbyggjer det uttalte bodskapet i teksten. Det kan vere frustrerande og vanskeleg å lese slik skriving, og som lesar kan ein få lyst til å berre «rive heile skiten». Men, i likskap med forfattaren, må me bite tenna saman og fortsette roleg. Slik blir me som lesarar putta i ei lik sinnsstemning som Harstad sjølv, og teksten har dermed ein indirekte patosappell.

Innlegget er skrive med ekspressivt språk og bognar av negativt verdiladde ord og uttrykk. Minusord som «røyk», «råtnende» og «lurvete» kjem på laupande band og set lesaren inn i den pessimistiske ståstaden til forfattaren. Samtidig gir lågstilen rom for både banneord og uortodokse formuleringar. «den helvetes naturen», «vår egen fanatisme» og «Hva om vi bare (...) rett og slett ga faen i hverandre» er døme på korleis Harstad fyrer laus, og slik gjer han seg sjølv mindre og mindre truverdig jo lengre ut i teksten me kjem. For formålet er jo heile vegen å snu om, å meine det motsette. Slik svekker han bevisst sin eigen etos undervegs, slik at hovudbodskapet skal skine tydelegare til slutt.

Og nettopp dette får Harstad til. Han skapar nemleg ein stor kontrast mellom heile innlegget og dei to siste setningane. Der han lenge har fyrt hardt og brutalt i «kampen mot kampen», snur han det heile i ein kjensleprega appell på tampen. Idet dottera kjem inn i rommet, vil han ikkje lenger gje opp, eller «vasse til livet i våt, vulkanisk aske under en sol du ikke lenger ser og blir brent av». Han er stille og skamfull. Slik verkar den fyrste delen som ein dagdraum, ein tanke som treffer Harstad medan han står og ser ut vindauget. Så kjem røyndomen inn døra, og pappahjartet har blitt minna på grunnen til å kjempe vidare for klimaet. Nettopp denne kontrasten mellom å ville rive heile skiten og å sjå dottera vekse opp, viser hovudbodskapet i ein patosappell. Det er nemleg heilt greitt å tvile på prosessen, tvile på tiltaka og tvile på seg sjølv, men me har alle nokon å kjempe for. For Harstad er det dottera.

Etter å ha lese Johan Harstads innlegg i Forfatternes klimakamp, har nok dei aller fleste trekt på smilebandet eit par gonger. Og ikkje minst kjent seg igjen i frustrasjonen. For klimakampen er svært kompleks, og han verkar ikkje lik for nokon. Som borgarar i Noreg sit me i eit av dei landa som har svore å gjere noko for klimaet, men som gong på gong sviktar. Me er dregne mellom sydenferie i påska og sykle til jobb, oppmoda til å bruke handlenett og skulke skolen saman med Greta Thunberg. Det sosiale presset om å vere ein politisk korrekt miljøforkjempar har auka i takt med rapportane og forskingstala som kvart år viser at jorda kjem til å gå under neste år. Det er eit evig slit.

Så det er kanskje ikkje så rart at forfattarar som Harstad er frustrerte og nokre gonger drøymer om «hvor godt det ville være å slippe å bale med denne samvittigheten hele tiden». Men så har han også det viktigaste, uuttalte poenget av dei alle; det er jo ikkje han som skal overta denne kloden. Det er ikkje han som nødvendigvis kjem til å oppleve «pøsregn hele døgnet» og «vind som aldri gir seg». Nei, det er dottera som kjem inn i rommet som kjem til å verte skadelidande. Det er den yngre generasjonen, med alle dei uvitande og forsvarslause barna, som han og alle andre elskar så høgt, som eventuelt vil få sjå relokaliserte urbefolkningar frå Danmark, Maldivene og Key West, og som har tatt ein Jesus frå Europa til Storbritannia over havet. Og det er det svært få menneske som vil. Så uansett kor motlaus ein er, uansett kor håplaus klimakampen kan verke i desse tider, minner Harstad oss på kven me kjempar for, og ber så – stille, skamfullt – dei grøne og blå posane sine ut.

Relatert innhold

CC BY-SASkrevet av Kristine Egrem.
Sist faglig oppdatert 18.08.2020

Læringsressurser

Å skrive retorisk analyse