Hopp til innhold

Litterære tekster

Blind (utdrag)

Den unge Geir Kinsarvik vokser opp i industrisamfunnet Odda, men passer ikke helt inn. Han vil få seg utdannelse og komme seg bort derfra. I dette romanutdraget ser vi at faren synes det er en dårlig idé.

Far hans hadde alt sagt det mange gonger. Du komme til å få mange skuffelsar i livet, gutten min. Du må senka ambisjonane dine. Du må ikkje stila så høgt. Dess høgare du stilar, dess høgare blir fallhøgda. Tenk på reven i Æsops fablar. Han slava for faraoen i Egypt, slik eg har slava for storkapitalen i Odda. Og eg skal fortella deg ein ting som livet har lært meg. Det nyttar faen ikkje å stila for høgt. Til sist slår du deg i hjel. Æsop hadde rett. Han visste kva han skreiv om. Høgt henge dei. Og sure er dei, sa reven om rognebæra. Slik er det, gutten min. Det kan du lika godt læra først som sist. Jo tidligare, jo bedre. Eller tenk på Sandemose og den såkalla Janteloven. Det er ikkje Janteloven. Det er Oddaloven. Det er sjølve livets lov for folk som oss. Du skal ikkje tru at du e noe. Du skal ikkje tru at du e betre enn oss. Det er slik det er. Det er slik vi overlever. Det er slik vi tenker for å holda ut. Og så støttar vi oss på dei andre som er like som oss. Som tenker på akkurat same måten. Som står på same plassen i hierarkiet. Og som slit med dei same problema. Eg veit at du er ung. Eg veit at du vil opp og fram. Men eg e stygt redd for at du kan komma til å skada deg stygt i denne drifta di. Det kan like gjerne vera ei drift mot død, som det er ei drift mot liv. Sjølv om lærarane dine, bøkene dine og fintfolket i fjernsynet fortel deg noe anna. Dei fortel deg det for at du skal vera med å støtta opp om deira liv og ambisjonar. Korta er delt ut på forhånd i dette spelet, gutten min. Og du har ikkje dei beste korta. Vel, det er godt mulig at du sit der med to par eller ein tress, men du kan ta deg faen på at det e noen som sitte der med fullt hus eller royal straight flush. Slik er det i storsamfunnet. Og slik er det her i Odda. Husk det. Husk òg at dei høgare klassar var dei som fann opp dette spelet. At dei har utvikla reglane gjennom hundrevis av år. Gjennom tusenvis av år. For at sånne som eg og du og Æsop skal gå på snørra. Husk alltid at dei høgare klassar har råd til å tapa eit spel eller to. Dei har nok å ta av. Misser dei ein pott, har dei alltid ny kapital å skyta inn. Det er annleis for deg, gutten min. Taper du ein pott, som er driven litt i vêret, er du ferdig. Slik er det ikkje for dei andre. For dei heiter det: tap og vinn med samme sinn. Men det er fordi dei har råd til det. Det gjeld ikkje livet. Det gjeld ikkje marg og bein. Dei satsar ikkje alt på eitt kort. Tilsynelatande ser det slik ut. Og om du reiser vekk herfra noen gang, som du sikkert vil, og begynner å studera i ein stor by på austlandet, som du sikkert vil, så kjem du til å møta mange som oppfører seg som om dei satsar alt på eitt kort. Som om dei spelar same spelet som deg. Som om dei gir faen. Som om dei tar han heilt ut. Som om dei kjører skuta til bunns. Vit då at dette også er ein del av spelet. Dei vil vera legeungar. Dei vil ha fedrar og mødrer som er advokatar med feite salær. Henta frå sånne som oss. Dei vil ha fedrar som er plansjefar i kommunen. Noen av dei vil vera politikarbarn eller barn av folk som er høgt oppe i det statlege byråkratiet. Noen av dei vil truleg vera meiningsdannarar i dei største riksavisene. Truleg vil noen av dei også ha danskklingande namn, store gardar og gammalt dansk aristokrati bak seg. Vit at desse ein dag kjem til å svikta deg. Vit at når det blir alvor, når mørket senkar seg, når nettene blir kalde, så dreg dei heim til mor og far. Til farsgarden sin. Til farsarven sin. Og blir legar, advokatar, journalistar og statssekretærar som foreldra. Mens du sit igjen åleine. Og den einaste farsarven eg har å by deg er skuffelsen og bitterheita mi. Den einaste odelsgarden eg kan by deg er Smelteverket. Og den er heller ikkje min. Den er eigd av aksjonærane i BOC, British Oxygen Company, som er eit verdsomspennande gasskonsern med femtitusen tilsette og ei omsetning på fleire hundre millionar pund i året. I styret til BOC sit det fleire sir’ar og jarlar og engelske overhusrepresentantar enn du kan tella på ei hand. Og det er dei som er dei reelle eigarane av farsgarden din. Deira ord er lov. Det er dei som bestemmer over garden vår. Innanfor dei rammene, som dei set opp, kan vi prøva å skapa oss eit liv. Eit liv som er leveleg. Sjølv om det ikkje er noe drømmeliv, ikkje noe fjernsynsliv, ikkje noe bokliv. Men det er eit liv. Eit materielt liv. Som er verdt å leva. På grunn av dei andre. På grunn av dei som er i samme båt. Slik er det vi overlever røyken, skiten og driten til pensjonen eller lungekreften kjem og tar oss. Slik er det. Du må ikkje gløyma dei andre. Det er dei som gjør livet leveleg. Eg gjentar nok ein gang. Det er dei andre som gjør livet leveleg. Vel er eg kjend med at det finst franske filosofar i Paris som skriv bøker og dreg vidløftige konklusjonar som at Helvete er de andre. Der tek middelklassen og overklassen fullstendig feil. Helvete er ikkje dei andre. Berre den som sit høgt på sin aristokratiske pidestall kan få seg til å skriva eller seia noe sånt. Dei andre det er sjølve himmelen det. Har du det bra med dei andre, då har du det bra med deg sjølv. Om du ikkje finn deg til rette i kollektivet, blir du ulykkeleg. Det kan komma til å kosta deg livet. Husk det. Og mens eg har deg der. Husk at for å komma overeins med dei andre må du kjenna din plass. Din plass er her. Her på Smelteverket. Her i Smelteverksblokka. Her i Røldalsvegen 50 blant alle dei andre 23 Smelteverksfamiliane. Der du har naboar, leikekameratar og oppvekstvenner. Sjå på meg. Eg har hundre meter å gå for å komma på jobb. Eg kan høra korleis verket går frå soverommet mitt. Eg kan vakna om natta av at dei har fått heng på kalkovnen eller av ei overtapping i smelthuset. Eg kan fysisk kjenna korleis dei slit for å komma ajour igjen. Eg veit kva det er. Eg har vore der kvar dag i tjue år. Eg veit kva det går i. Eg veit korleis sjefane og ingeniørane spring rundt og kjeftar og kavar. Og eg veit at alle vi guttane på brettet eller på kalkovnen, veit mye meir om kva som skal til for å løysa problema og få i gang produksjonen igjen. Eg veit det. Dei andre veit det. Men vi seier det ikkje til dei. Vi let som om vi hører på. Som om vi er einige. Og håpar at dei går heim snart. Slik at vi kan gjera det på vår måte. Den riktige. Vi bøyer oss som sivet i stormkasta. Når vinden gir seg, reiser vi oss igjen. Ikkje som den stolte eika som står og briskar seg i vinden og som ligg att med knekt stamme når stormen er over.

Frå kjøkkenvinduet mitt kan eg sjå røyken frå Ovn Ein og Ovn To. Eg kan nøyaktig bedømma kvaliteten på karbiden utifra farge og mengde røyk frå skorsteinane. Trehundre liter acetylen. Tohundreogfemti liter acetylen. Tohundre. Eg veit det. Det finst ikkje ein jævla ingeniør som kan gjør det etter meg. Men alle oppegåande arbeidsfolk, som har vore tjue år eller meir på kruttverket, veit nøyaktig det same. Dei veit kven dei er. Kor dei kjem frå. Kva dei skal gjera. Kven dei hører til. Og kor dei skal gå. Slik er mi lære. Slik er min hundremeterskog. Røyk. Gass. Stål. Betong. Asfalt. Støy. Kalkstein. Koks. Antrasitt. Karbid. Acetylen. Cyanamid. Dicy. Arbeidskameratar. Avdeling 5. Naboar. Familie. Slik er min verden. Slik er Hundremeterskogen i Odda. Ser du etter, vil du sjå at det er ein bevegelse frå det kalde mot det varme. Vel er det varmt inne på Smelteverket. Karbiden er ca 2.000 grader når han blir tappa. Kva temperaturen er inni lysbuen veit vi ikkje. Noen ingeniørar meiner 4.000 grader. Og andre meiner titusen grader. Det er uansett så varmt at vi ikkje kan måla det. Vi kan bare gjetta. Og sjølv om ingeniørane reknar, og hovudtrekka i prosessen er klar for oss, så veit vi ikkje akkurat kva som skjer når det skjer. Når brent kalk, koks og antrasitt reagerer og blir til calsiumkarbid. Det er uklart. Det kan ikkje målast. Det er ein lukka prosess. I lysbuen mellom Søderbergelektrodane og chargen skjer det ein magisk prosess som ingen har full kontroll over. Derfor kan det og gå til helvete. Derfor kan vi og oppleva å få blåsar som lettar heile ovnshvelvet. Som sprenger veggane på ovnshuset. Som knuser ruter på Folkabladet og på baderomsvinduet vårt. Men det er slik det er. Dei to ovnane våre er på femogtjue megawatt kvar. Til saman dreg dei like mye straum som Stavanger by. Ein by med hundretusen innbyggarar. Og i Smelthuset jobbar vi søtten mann. Pluss han som går bolseskift. Tenk deg det. Nesten tre megawatt per snute. Det er faen meg magi, seier eg deg. Men det mest magiske ved Smelteverket er kameratskapen. Samholdet oss guttane imellom. Både internt på skiftet, i Smelthuset, mellom avdelingane og i fagforeininga. At folk klarer å stå saman og hjelpa kvarandre, slik som vi gjer på Smelteverket, er faen meg det mest magiske av alt. Samhald er livets salt, gutten min. Det å sjå seg sjølv i den andre er det som gir livet meining. Ser du mennesket i den andre, ser du mennesket i deg sjølv. Det er det vakre. Det er himmelen på jorda. Ikkje at lammet og løva skal beita i lag, som dei kristne seier. Det er utenkeleg. Like barn leikar best. Og: Alle folk er like, men noen folk er likare enn andre. Slik er det. Og også her kjem Æsop og dei norske folkeeventyra oss til hjelp. Kjem lammet eller gåsa ilag med reven eller løva går det ikkje så lenge før løva og reven er mette og gode og lammet eller gåsa er historie. Kjenner du Baltersons vise? spurde faren. Der står det mesta du treng å veta om verda. Faren begynte å synga.

Men et liv på andre siden.
Nei, det tror vi ikke på.
Ej på himmel eller på et helvete.
Og å skremme oss med fan
lykkes aldri for Guds barn…
Men en himmel kan vel finnes
for den tapre rallargutt.
Når han vila får
uti sin flickas famn.
Han får kyss.
Han får fler.
Og kan hende noget mer.
Og da glemmer han møder och besvær.

Slik er det, sa faren. Dette er den himmelen eg trur på. Det gjeld å arbeida hardt. Samarbeida med dei ein er ilag med. Ikkje bløffa, ikkje lata som om ein er noe ein ikkje er. Ikkje gå rundt og bløffa med for store sko. Hjelpa den som treng hjelp. Og ta imot hjelp når ein sjølv treng det. Det er ingen skam å ta imot hjelp. Det er det genuint menneskelege, å gi og få hjelp. Alt dette oppskrytte Ibsenske vrøvlet om at Den er sterkest den som står alene, skal du aldri bry deg om. Det er tvert om. Den er svakast den som står åleine. Saman er vi sterke. Det er den lærdommen vi småfolk kan trekka av historia. Gløymer vi den leksa er det nedenom og hjem. Ein skal aldri stikka seg fram. Du skal stå der. Midt i massen. Midt i kollektivet. Midt blant dei andre arbeidarungane skal du stå. Ikkje bakerst. Men heller ikkje fremst. I midten. Der er det gode liv. Ein skal leva livet sitt i balanse. Utan alt for store svingningar verken til den eine sida eller den andre. Ikkje knipsk og begrensa, men heller ikkje utsvevande og sjukeleg. På det jevne. På det jevne. Der skal din livsvei stå.

s. 43–48

Kilde

Seljestad, Lars Ove. (2005). Blind. Oslo: Cappelen Damm.

Relatert innhold


Begrenset brukSkrevet av Lars Ove Seljestad. Rettighetshaver: Lars Ove Seljestad
Sist faglig oppdatert 11.11.2020

Læringsressurser

Opprøret mot autoritetene!