Svake verb - Ni viktige e-verb - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhold
Læringssti

Du er nå inne i en læringssti:
Svake verb

Øvelse

Ni viktige e-verb

Mange e-verb bøyer vi likt på bokmål og på nynorsk, men det finst nokon svært vanlege e-verb som ikkje får same ending som på bokmål. Dei mest brukte bør du lære deg utanåt, og her kjem det ni verb du bør kunne.


E-verb med stamme som endar på -ei får -dde i preteritum og -dd i perfektum. Lær deg desse to:

  • å greie – greier – greidde – har greidd
  • å pleie – pleier – pleidde – har pleidd

I tillegg bør du lære dette verbet:

  • å arbeide – arbeider – arbeidde – har arbeidd

Fire e-verb skal alltid ha -de i preteritum og -t i perfektum:

  • å høyre – høyrer – høyrde – har høyrt
  • å køyre – køyrer – køyrde – har køyrt
  • å gløyme – gløymer – gløymde – har gløymt
  • å gøyme – gøymer – gøymde – har gøymt

E-verb som endar på -ng(e) skal ha -de i preteritum og -t i perfektum.

  • å slenge – slenger – slengde – har slengt
  • å stenge – stenger – stengde – har stengt

Øving

E-verb spesial

Skrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 03.07.2019