Hopp til innhold
Bokmål
Kildemateriell

Um pengar

Garborgs tekst om penger er en blanding av sakprosa og lyrikk. Den stod først på trykk i en lesebok for barn mellom 7 og 14 år.

Um pengar

Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kann ikkje eta deim, ikkje drikka deim, ikkje klæda deg med deim.

Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tyrsta, frjosa i hel - um der ikkje var mat og drikka og klæde aa faa.

Pengar er langt ifraa det største gode, ikkje det næst største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar deim vitugt.

For pengar kann ein faa alt, heiter det.
- Nei, ein kann ikkje det. Ein kann kjøpa seg
mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
graae haar, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kann ein faa for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.

Tekst: Arne Garborg / Offentlig eie

Modernisert tekst

(Teksten er lettere modernisert av NDLA)

Om penger

Pengar har ikkje noko verd i seg sjølv. Du kan ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje kle deg med dei.

Du kunne ha lomma full av pengar, og svelta, tyrsta, frysa i hel – om det ikkje var mat og drikke og klede å få.

Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det nest største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vettig.

For pengar kan ein få alt, heiter det.
- Nei, ein kan ikkje det. Ein kan kjøpa seg
mat, men ikkje matlyst,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje søvn,
lærdom, men ikkje vett,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
grå hår, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar til sals.

Kilde

Garborg, A. (1903). "Um pengar". Austlid, A. (red). Lesebok for folkeskulen (s.232-233). Henta fra https://www.nb.no/items/26c9575afb8466898c33ff94aa1a8c14?page=233

Skrevet av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 16.06.2026