Substantiv
Samanlikn bokmål og nynorsk:
Bokmål
en gutt – gutten – mange gutter – alle guttene
Nynorsk
ein gut – guten – mange gutar – alle gutane
Du må altså hugse på to ting:
- På nynorsk skal hankjønnssubstantiv ende på -ar og -ane i fleirtal.
- Den ubestemte artikkelen på hankjønnsorda er ein.
Samanlikn bokmål og nynorsk:
Bokmål
ei/en jente – jenta/jenten – jenter – jentene
Nynorsk
ei jente – jenta – jenter – jentene
Hokjønnsbøyinga er lett å hugse:
- Hokjønnsorda får same fleirtalsbøying som på bokmål.
- Den ubestemte artikkelen er alltid ei.
Ein vanleg feil elevar med bokmål som hovudmål gjer, er å tru at dei fleste substantiva er hankjønnsord. Det kjem av at hokjønnsorda har valfri hankjønns- eller hokjønnsartikkel i bokmål:
To eksempel: På bokmål kan du velje om du vil skrive ei lampe – lampa eller en lampe – lampen. Du kan velje om du vil skrive ei jord – jorda eller
en jord – jorden. På nynorsk har vi ikkje dette valet. Både lampe og jord er hokjønnsord, og da skal dei bøyast som hokjønnsord og ha hokjønnsartikkel.
- Er du i tvil om du har med eit hankjønns- eller hokjønnsord å gjere, sett det i bestemt form eintal. Dersom det høyrest greitt ut med a-ending, er det stort sannsyn for at det er eit hokjønnsord.
- Men om a-ending høyrest heilt rart ut, er det nok eit hankjønnsord. Ta for eksempel ordet mat. Det høyrest heilt feil ut å seie “eg bestiller mata”, det må heite “eg bestiller maten”. Da må mat vere eit hankjønnsord.
Bøying av hankjønns- og hokjønnsord
Substantiv som endar på -ing har ei litt spesiell bøying. Vi bruker mange ord på -ing når vi skriv, derfor er det greitt å lære seg korleis vi bøyer dei.
ei meining – meininga – meiningar – meiningane
Regelen er slik:
- Ord på -ing er hokjønnsord og skal derfor ha hokjønnsartikkelen ei framfor seg.
- I eintal blir ord på -ing bøygde som vanlege hokjønnsord, men i fleirtal oppfører dei seg som hankjønnsord og endar på -ar og -ane.
Ubestemt artikkel og fleirtalsform av hankjønns- og hokjønnsord
Inkjekjønnsorda er nok dei substantiva som det er vanlegast for bokmålsbrukarar å gjere feil på. Dei blir alle bøygde slik som substantivet barn i eksempelet under.
Bruk derfor dette substantivet som “knagg” når du skal bøye inkjekjønnsord på nynorsk.
Eit barn – barnet – fleire barn – alle barna
Inkjekjønnsord og substantivbøying generelt