Kva kan du frå før om adjektiv?
Aller først i denne læringsstien skal du friske opp nokre fagomgrep, og du skal sjekke kva du hugsar om ordklassen adjektiv.
![df](https://api.ndla.no/image-api/raw/10_rydd_2.jpg?width=1024)
Kva er adjektiv?
Adjektiv står gjerne saman med substantiv og beskriv dei nærmare. Vi kan også kalle adjektiv for beskrivarord.
Adjektiv har samsvarsbøying: Dei blir bøygde i samsvar med substantivet dei står til.
- Han er ein glad gut.
- Ei lita jente opna døra.
- Huset er fint.
- Barna er snille.
Oppgåve 1
Sjekk om du kjenner desse fagomgrepa frå grammatikken.
Oppgåve 2
Sett orda som er utheva om til nynorsk. Ikkje bruk ordbok, berre notér korleis du trur orda skal skrivast. Fasiten får du når du går vidare i læringsstien!
- Han hadde ein rød bil, tok på seg den røde jakka si og gjekk for å kjøpe nokre røde eple. Men i staden handla han røde tomatar.
- Eg såg ei åpen dør og nokre åpne vindauge i huset.
- Han flagga med eit norsk flagg.
- Ein liten gut og ei liten jente gjekk saman til skolen.
- Oj, det var ein høy mann, høyere enn alle andre eg kjenner. Ja, faktisk trur eg han er den høyeste mannen eg har sett nokon gong.
- Dette bygget er meir moderne enn huset vårt. Ja, det er det mest moderne bygget i heile nabolaget.
- Har du flere søsken enn han? Ja, eg har flest søsken av alle på skolen.
CC BY-SAWritten by: Åsa Abusland and Marion Federl.
Last revised date 12/21/2018