Task
St-verb
St-verb endar på -st i alle tider og har aktiv betydning:
- Eg minnest han. = Eg hugsar han.
- Eg har alltid synst du er smart. = Eg har alltid meint/trudd at du er smart.
Om du berre skal lære deg eitt st-verb godt, bør det vere verbet å synast. Det er eit ord du treng i dei fleste tekstane du skriv. Mange elevar strevar med å skrive ordet rett, både på bokmål og på nynorsk.
Infinitiv: å synast = eg synest
Presens: eg synest = jeg synes
- Preteritum: eg syntest = jeg syntes
- Presens perfektum: eg har synst = jeg har syntes
NB! Hugs at du skal bruke infinitivsforma etter hjelpeverba (kan/må synast osb.)