Exercise
Bestemmarordet nokon
I bokmål bruker vi "noe" og "noen" som bestemmarord. I nynorsk har vi fleire former av nokon.
Bestemmarordet nokon bøyer vi slik på nynorsk:
Hankjønn | Hokjønn | INkjekjønn | Fleirtal |
---|---|---|---|
Har du nokon bil? | Har du noka dotter? | Har du noko hus? | Vi har nokon bøker |
I bokmålssetninga “Jeg har noe rart under foten”, står “noe” åleine. I slike tilfelle set du om med “noko”:
- “Eg har noko rart under foten”.
Vi bruker også noko saman med uteljelege substantiv, same kva slags kjønn dei har:
- Har du noko mjølk? Nei, eg har ikkje noko mjølk.