Fem litt vrine verb
infinitiv | presens | preteritum | perfektum |
---|---|---|---|
Å lese | no les eg | i går las eg | eg har lese |
Å vere | no er eg | i går var eg | eg har vore |
Å gjere | no gjer eg | i går gjorde eg | eg har gjort |
Å komme | no kjem eg | i går kom eg | eg har komme |
Å skrive | no skriv eg | i går skreiv eg | eg har skrive |
Uthevingane viser den forma som er det vanlegast å gjere feil på. Pugg desse fem verba. Dei bruker du mykje i eiga skriving.
No som du er godt i gang, tar vi fem nye verb du ofte kan få bruk for:
infinitiv | presens | preteritum | perfektum |
---|---|---|---|
Å seie | no seier eg | i går sa eg | eg har sagt |
Å bu | no bur eg | i går budde eg | eg har budd |
Å halde | no held eg | i går heldt eg | eg har halde |
Å sette | no set eg | i går sette eg | eg har sett |
Å ligge | no ligg eg | i går låg eg | eg har lege |
Uthevingane viser den forma som er det vanlegast å gjere feil på.