Skip to content
Learning path

You are now in a learningpath:
Bestemmarord

Exercise

Kva kan du frå før om bestemmarord?

Aller først i denne læringsstien skal du friske opp nokon fagomgrep, og du skal sjekke kva du hugsar om ordklassen bestemmarord.

Kva er bestemmarord?

Bestemmarord står til eit substantiv og bestemmer det nærare. Dei blir bøygde i samsvar med substantivet.

Peikeord, eigedomsord og mengdeord

Det finst tre typar bestemmarord: peikeord, eigedomsord og mengdeord. I tillegg reknar vi orda sjølv og eigen til bestemmerorda:

  • Denne isen er berre knallgod, altså! (peikeord)
  • Ho er kjærasten min. (eigedomsord)
  • Tobias har mange interesser. (mengdeord)
  • Ho har sjølv valt å lære kinesisk.
  • Har du eigen bil?

Oppgåve 1

Repeter nokre omgrep frå grammatikken.

Oppgåve 2

I tabellen nedanfor ser du eigedomsorda vi har i bokmål.

  • Kva for eigedomsord har same form i bokmål og nynorsk?
  • Kva for eigedomsord har ulike former i bokmål og nynorsk?
  • Kva heiter formene som er ulike, på nynorsk?
Eigedomsorda

Eintal

Fleirtal

1. person

min

vår

2. person

din

deres

3. person

hans

hennes

dets

dens

deres

Oppgåve 3

Sett om til nynorsk.

  1. Min onkel jobber i kommunen.
  2. Disse skoene er røde.
  3. En annen gutt, ei annen jente, et annet tre, andre sokker
  4. Ingen bil, ingen jakke, ikke noe hus, ingen biler
  5. Har du noen jakke?
  6. Noen jenter spiller sjakk.
  7. Jeg betaler maten selv.
  8. Anna drømmer om jobb, egne penger og egen leilighet.
CC BY-SA 4.0Written by: Åsa Abusland and Marion Federl.
Last revised date 12/21/2018