Skip to content
Literary Text

Jostedalsrypa

Dette er en av mange versjoner av sagnet om Jostedalsrypa.

Da svartedauden gjekk i landet, var det mange av dei gjævaste slektene i Sogn som drog opp i Jostedalen. På den måten ville dei sleppe unna pesten. Der busette dei seg og bygde hus og rydda gardar. Dei hadde gjort den avtalen at folket nede ved fjordane ikkje måtte ta seg fram til dei før pesten var over. Ville nokon skrive til dei, måtte dei leggje breva sine under ein viss stein. Denne steinen har dei sidan kalla Brevsteinen. Under den kunne dei òg hente brev, dei som levde att nede ved sjøen. Steinen ligg tett attmed vegen frå Jostedalen til Luster.

Kor omtenksame og varsame dei enn var, kom svartedauden til Jostedalen også, og der fór pesten så hardt fram at alle strauk med, så nær som ei lita jente. Somme seier at det til nabosokna i Gudbrandsdalen kom sju bølingar med sine bjøllekyr. Ingen kom og lette etter dei, men det var somme som trudde at dei hørte til i Jostedalen. Gjorde dei det, stod det visst gale til der. Nokre folk drog over fjellet og ville finne ut korleis tilstanden var.
Husa stod tomme, og mange av dei døde var ikkje gravlagde. Folka fór gjennom heile dalen, men dei såg ikkje røyk frå ei einaste sute og fann ikkje eit einaste liv. Da dei kom til Mjelvesdalen, såg dei i nysnøen spor etter menneske. Dei føljde det, og på garden Bjørkahaug såg dei ei lita jente. Med det same ho merkte dei, la ho på sprang inn i bjørkeskogen; men dei klarte å fange henne. Dei spurde henne om forskjellig, men ikkje skjønte ho dei og ikkje dei henne, så nær som nokre få ord: "Mor, vesle rypa."

Dei fortel at da mor hennar døydde, sette ho mat igjen på bordet, putta veslejenta i ei seng kledd med fjør og stakk mat nedi der, så ho i alle fall ikkje skulle svelte i hel. Da dei fann henne, var det vakse fjør på henne.
Mennene tok henne med seg heim, og ho blei ei skikkeleg og bra jente. Somme fortel at ho blei gift og budde på Bjørkahaug, men fleire seier at ho busette seg på Runnøy i enden av Gaupnefjorden, der jostedølene kjører til sjøs. Dei kalla henne Jostedalsrypa, etter det mor hennar hadde sagt da ho stakk henne ned i fjørsenga. Og slekta hennar kalla dei Rypeslekta; det var gjæve og mektige folk. Denne slekta skulle ha det til merke framfor andre at ho hadde "fuglehold", det vil seie store opne sveittehol i huda etter den duna som hadde begynt å vekse på henne.